Skriftlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:2716 (2022-2023)
Innlevert: 30.06.2023
Sendt: 30.06.2023
Rette vedkommende: Finansministeren
Besvart: 15.08.2023 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Ifølgje Klassekampen lever det 136 000 personar med D-nummer i Noreg. Avisa har avdekt at arbeidarar lever årevis i Noreg med denne ID ordninga som skulle vere midlertidig og at folk som skattar til Noreg ikkje nyt godt av velferdsgodene.
Vil arbeids- og inkluderingsministeren føreta ei vurdering av D-nummer ordninga, og korleis vil ministeren sørgje for at arbeidsfolk som skattar også nyt godt av den velferdsstaten dei er med å finansiere?

Begrunnelse

I Noreg har me to typer identitetsnummer - fødselsnummer og D-nummer. D-nummer er tiltenkt folk som skal bu i landet i mindre enn 6 månadar, og folk som ikkje oppfyller vilkåra for å få tildelt eit fødselsnummer. Det er Skatteetaten som vurderer kor vidt ein person som har fått opphaldsløyve skal få fødselsnummer eller D-nummer.
Ifølgje Klassekampen lever det i dag 136 000 personar med D-nummer i Noreg og praksisen er ifølgje avisa stramma inn etter 2020. Me har denne veka lese om menneske som har levd åresvis i Noreg med D-nummer. Menneske som ikkje har tilgang på fastlege, bustøtte eller andre velferdsgoder. Mange søv på sovesal i regi av frivillige organisasjonar og reportasjene vitnar om at folk med D-nummer lir i mangel på velferdsgoder. At desse folka betalar skatt og slik er med å finansiere velferdsstaten gjer saka endå værre. I praksis framstår D-nummer som ei ordning med annanrangsborgarar som har dei same pliktene som oss andre, men ikkje dei same godene.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Reglar om tildeling av fødselsnummer og d-nummer er gjeve i folkeregisterloven og folkeregisterforskriften. Det følgjer av folkeregisterloven § 2-2 fyrste ledd at ved registrering i Folkeregisteret fyrste gong vert ein person som er busett eller fødd i Noreg tildelt eit fødselsnummer. Fødselsnummer kan også verte tildelt ein norsk statsborgar busett i utlandet.
For andre personar (dei som ikkje er busett eller fødde i Noreg) kan d-nummer verte tildelt etter reglar fastsett i folkeregisterforskrifta. Ein person kan få eit d-nummer dersom personen til dømes skal jobbe eller drive næringsverksemd i Noreg, er asylsøkjar eller har anna gyldig opphaldsløyve, mottek trygd, er styremedlem i eit føretak, eig bustad eller skal opne bankkonto. Det følgjer av forskrifta at berre utvalde verksemder, til dømes NAV, Skatteetaten og bankar, kan tinge d-nummer.
Siktemålet med Folkeregisteret er å leggje til rette for trygg, korrekt og effektiv registrering av grunnleggjande personopplysningar om den einskilde, òg kva for personar som er busette i Noreg. Både offentlege og private verksemder bruker opplysningar frå Folkeregisteret. Det er opp til kvar einskild brukar av opplysningane frå Folkeregisteret å vurdere kva for krav som skal stillast for tilgang til rettar og tenester dei tilbyr, etter det lovverket som gjeld på dei ulike områda. Korkje fødselsnummer eller d-nummer gjev i seg sjølv rettar. Ev. tilgang på tenester og rettar følgjer av regelverk utanfor folkeregisterloven, til dømes trygdelova eller bustøttelova.
Det går fram av spørsmålet at det ifølgje Klassekampen lever 136 000 personar med d-nummer i Noreg. Tal frå Skatteetaten syner at det er registrert 2 257 000 d-nummer i Folkeregisteret. Av desse er 1 649 000 «inaktive» og 607 000 er aktivt i bruk. Ifølgje Skatteetaten var det i 2021 136 000 personar med d-nummer som ble skattlagt for løn. Dette kan til dømes være sesongarbeidarar i Noreg som ikkje er busett her, eller personar som pendlar frå utlandet. Det er ikkje eit krav at personen må opphelde seg i Noreg for å få tildelt eit d-nummer. Ein person med d-nummer har ingen plikt til å melde frå når ein er i Noreg eller i utlandet. Ein person kan ha mange korte opphald i Noreg. Skatteetaten har difor ikkje informasjon om når ein person med d-nummer kan ha oppheldt seg i Noreg. Det at det er rapportert løn på ein person inneber nødvendigvis ikkje at vedkommande oppheld seg fast i Noreg. Personen kan være i Noreg, reist ut av Noreg for å komme tilbake seinare eller ha reist ut av Noreg permanent.
Ein person som flyttar til Noreg og busett seg i ein norsk kommune, har plikt til å melde innflytting til Folkeregisteret for å verte registrert som busett. Som det er gjort greie for, har Skatteetaten ikkje oversikt over eventuelle personar som oppfyller vilkåra for å verte registrert busett i Noreg og dermed tildelt eit fødselsnummer, men som ikkje er registrert busett. Folkeregisteret har i tråd med gjeldande regelverk avgrensa høve til å skaffe seg slik oversikt. Utanlandske personar som søkjer om skattekort for første gang vert rettleia om plikta til å melde flytting til Noreg, dersom dei skal vere samanhengande i Noreg i seks månader eller meir.
Skatteetaten erfarer at visse grupper av personar ikkje melder innflytting når dei oppheld seg i Noreg for å jobbe. Det kan ha ulike grunnar, til dømes at det som var tenkt som eit midlertidig opphald, vert varig. Tidspunktet og bakgrunnen for når personar vel å melde innflytting kan dermed variere. Innflytting meldast ikkje alltid i direkte samanheng med at personen har kome til Noreg for å bu her, men seinare. Det kan til dømes være fordi det er behov for ein teneste der status som busett i Noreg er ein føresetnad.
Som det er gjort greie for, er siktemålet med d-nummer å tildele ein person eit nummer slik at opplysningar om personen er registrert korrekt i Folkeregisteret, og at desse opplysningane kan brukast av andre styresmakter og verksemder i deira tenesteutøving. Kva for retter og pliktar ein person har krav på følgjer likevel ikkje av Folkeregisteret og d-nummerordninga, men kva for krav andre regelverk sett til rettar og bruk av teneste. Eg deler representanten si merksemd om at personar som bur i Noreg og skattar til Noreg òg skal kunne bruke gode staten tilbyr. For å rettleie personar med d-nummer, opplyser etaten om plikta til å melde flytting til Noreg dersom dei skal være samanhengande i Noreg i seks månadar eller meir. Det er den einskilde si plikt å etterleve dette. Om ein person med eit d-nummer seinare har behov for å verte registrert som busett i Folkeregisteret, kan den einskilde søkje om dette på det næraste skattekontoret og då òg få tildelt eit fødselsnummer.