Skriftlig spørsmål fra Grunde Almeland (V) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2771 (2022-2023)
Innlevert: 02.08.2023
Sendt: 03.08.2023
Besvart: 10.08.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Grunde Almeland (V)

Spørsmål

Grunde Almeland (V): Hva vil statsråden gjøre for å skjerme syke fosterforeldre fra avkortning i sykepengeytelser fra NAV, som følge av at de har tatt på seg et fosterhjemsoppdrag - og på hvilket tidspunkt tror statsråden det vil komme en permanent ordning som stanser den urimelige praksisen, i tråd med Stortingets vilje?

Begrunnelse

I 2017 vedtok Stortinget følgende, som jeg også viser til i et tidligere spørsmål, dokument nr. 15:1605 (2022-2023):

«Stortinget ber regjeringa snarast innføre ei overgangsordning for fosterforeldre på trygdeytingar, som sikrar at dei ikkje tapar økonomisk på å vere fosterforeldre. Ordninga skal gjelde fram til eit nytt regelverk for fosterheimar er på plass.»

Til tross for at vedtaket gjelder alle trygdeytelser, også sykepenger, har en overgangsordning kun blitt laget for dagpenger og arbeidsavklaringspenger. Norsk Fosterhjemsforening mottar flere henvendelser fra fosterforeldre som kommer i en vanskelig økonomisk situasjon når de blir syke, grunnet avkortning fra NAV i sykepengeytelser.
Spørsmålsstiller viser til at barn som trenger det, står i kø for å få et godt, stabilt hjem. Den årlige fosterhjemsundersøkelsen viser at mange fosterforeldre ikke vil anbefale andre å bli fosterforelder, bl.a. pga. usikkerhet for rettighetene fosterforeldre har.
Det er et paradoks at de som tar på seg et av samfunnets viktigste oppdrag – å bli fosterhjem, risikerer stor økonomisk utrygghet når de blir syke. Passiviteten fra regjeringen til å følge vedtak ivaretar ikke barnets beste og hindrer rekruttering.
Jeg vil understreke med følgende eksempel:
Fosterforelder er i full jobb utenfor hjemmet i tillegg til fosterhjemsoppdrag. Hen mottar ordinær grunnstøtte og utgiftsdekning for fosterhjemsoppdraget. Hen blir syk og sykemeldes fra jobb utenfor hjemmet, men er fortsatt i stand til å være fosterforelder. Arbeidsgiver fortsetter å utbetale lønn og søker refusjon fra NAV. NAV reduserer refusjonen til arbeidsgiver, som følge av at fosterforelder har inntekt fra fosterhjemsoppdraget. NAV reduserer både fosterhjemsgodtgjøring og utgiftsdekning. Som følge av NAV sitt avkortningsvedtak vil arbeidsgiver ikke lenger dekke mellomlegget til fosterforelderen når arbeidsgiver ikke mottar vanlig refusjon fra NAV. Fosterforelderen får dermed en kraftig redusert sykelønn, og risikerer å måtte tilbakebetale til arbeidsgiver det hen allerede har mottatt.
Reglene om avkortning slår tilsvarende ut i saker der arbeidsgiver ikke forskutter lønn og søker NAV om refusjon, men arbeidstaker søker NAV direkte selv. Spørsmålsstiller mener denne praktiseringen snarest må opphøre.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg har vurdert spørsmålet i samråd med Arbeids- og inkluderingsministeren.
Sjukepengar skal kompensera for bortfall av inntekt for yrkesaktive personar som er arbeidsuføre på grunn av sjukdom eller skade, jf Folketrygdloven § 8-1. Sjukepengar blir ytt med utgangspunkt i den inntekta som har falt bort i det arbeidet ein er sjukmeld frå. Det er eit vilkår at evna til å utføra inntektsgivande arbeid er nedsett med minst 20 prosent, jf. Folketrygdloven § 8-13. Fosterheimsgodtgjeringa består av ein godtgjeringsdel og ein utgiftsdekningsdel. Godtgjeringsdelen er pensjonsgjevande og skattepliktig inntekt, og blir behandla som frilansinntekt som gir rett til sjukepengar etter folketrygdlova.
Dersom ein fosterforelder blir sjukmeld frå fosterheimsoppdraget og ikkje kan utføre oppdraget, kan personen få innvilga sjukepengar som frilansar dersom resten av vilkåra for sjukepengar er oppfylte. Frilansarar har rett til sjukepengar med 100 prosent dekning (opp til 6 gonger grunnbeløpet) frå 17. fråværsdag. For å få sjukepengedekning frå første fråværsdag, kan ein teikna tilleggsforsikring etter folketrygdlova § 8-39.
Dersom fosterforelderen har eit arbeidsforhold i tillegg til å vere fosterforelder og blir sjukmeldt frå dette arbeidsforholdet, får ikkje personen avkorting av sjukepengane på grunn av fosterheimsgodtgjeringa. Dette gjeld berre viss den samla inntekta frå arbeidsforholdet og fosterheimsgodtgjeringa (frilandsinntekta) ikkje er meir enn 6 gonger grunnbeløpet (kr 711 720). Folketrygda utbetaler ikkje meir enn 6 gonger grunnbeløpet i sjukepengar, jf. folketrygdloven § 8-10. Er den samla inntekta til fosterforelderen meir enn 6 gonger grunnbeløpet, skal sjukepengane bli fordelt forholdsmessig. Dersom inntekta frå arbeidsforholdet til dømes utgjer ⅔ og fosterheimsgodtgjeringa (frilanserinntekta) utgjer ⅓ av den samla inntekta, har personen rett til ⅔ av det totale sjukepengegrunnlaget på 6 G dersom vedkommande berre er sjukmeldt frå arbeidsforholdet. Blir personen også sjukmeldt som fosterforelder får personen utbetalt til saman 6 gonger grunnbeløpet i sjukepengar.
Dersom fosterforelderen er sjukmeldt både som arbeidstakar og som frilansar (fosterheim) vil sjukepengar frå arbeidsforholdet bli prioritert utbetalte. Der det ikkje er ein forskoterande arbeidsgivar får ikkje dette tyding for storleiken på utbetalinga til den sjukmelde. Der det er ein forskoterande arbeidsgivar, vil Arbeids- og velferdsetaten dekke refusjonskravet frå arbeidsgivar fullt ut før det blir utbetalt noko til den sjukmelde. Dette inneber at i tilfelle der arbeidsgivars refusjonskrav er høgare enn den delen av sjukepengegrunnlaget som arbeidstakarinntekta utgjer, vil Arbeids- og velferdsetaten utbetale også sjukepengane for frilansdelen til arbeidsgjevar til heile refusjonskravet (opp til 6 G) er dekt. Dette blir grunngitt med at sjukmelde allereie har fått sjukepengane utbetalt frå arbeidsgivaren.
Fosterheimsutvalet foreslo i NOU 2018:18 ei omlegging av fosterheimsgodtgjeringa til ei skattefri, ikkje-pensjonsgivande yting. Det blei lagt til grunn at ei slik løysing vil sørgja for at fosterheimsgodtgjering verken gir avkorting i trygdeytingar eller fører til at fosterforeldre som får arbeidsevna nedsett, mistar rett til ytingar. Regjeringa vil betre rettane til fosterheimane og vurderer mellom anna alternative ordningar for godtgjersle til fosterheim. Forslaget frå utvalet om å gjere godtgjeringa om til ein stønad vil inngå i denne vurderinga. Barne- og familiedepartementet tar sikte på å levere ei melding til Stortinget om fosterheimar i 2024.