Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2796 (2022-2023)
Innlevert: 05.08.2023
Sendt: 07.08.2023
Besvart: 15.08.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Er samferdsleministeren samd i at det bør utgreiast bygging av ny tunnel som alternativ til opprusting av eksisterande Lotetunnel på E39 i Vestland fylke, i samband med pågåande arbeid med tiltak for å stette krava i Tunneltryggingsdirektivet?

Begrunnelse

Det pågår for tida eit omfattande investeringsprogram for å oppgradere og fornye norske vegtunnelar til å stette krava i EU sitt Tunneltryggingsdirektiv, eit direktiv som er gjeldande også i Noreg gjennom EØS-avtalen.
Ein av tunnelane på Europaveg-nettet som er langt frå å stette desse krava, er Lotetunnelen i Stad kommune i Vestland fylke. Lotetunnelen er nær 3 kilometer lang, bygd på 1960-talet og har ein standard som på ingen måte er tidsmessig i 2023. Å utbetre den eksisterande tunnelen vil vere eit svært omfattande og kostbart arbeid, og medføre store ulemper for trafikantane gjennom lang tid og i praksis gjere at Nordfjord i fleire år ikkje lenger er eit funksjonelt og samanhengande bu- og arbeidsmarknadsområde.
Eg har forståing for at Statsråden ikkje her og no kan konkludere i saka, men eg vil be Statsråden forsikre om at bygging av ny Lotetunnel vil bli greia ut som eit alternativ til oppgradering av den gamle tunnelen i arbeidet med å stette krava i Tunneltryggingsdirektivet, slik også Statens Vegvesen har peikt på som ønskjeleg i innlegg på E39-konferansen i Førde i vår.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det vert arbeidd intensivt med oppgradering av tunnelane på riksvegnettet for at desse skal tilfredsstille krava som er sette i tunnelsikkerheitsforskrifta. Statens vegvesen skal også oppgradere Lotetunnelen i Vestland, og har gitt eit førebels estimat på byggestart i 2027/2028. Kva tiltak som skal gjennomførast når Lotetunnelen skal oppgraderast, for å sikre at denne tilfredsstiller tunnelsikkerheitsforskrifta, vert avklart gjennom ein risikoanalyse. Denne analysen vert utarbeidd når ein kjem noko nærare bygginga, og vil mellom anna kartlegge om tiltaka vil vere av ein slik art og eit slikt omfang at det vil vere rimelegare å oppgradere den eksisterande tunnelen enn å bygge ein ny tunnel. Statens vegvesen forventar at det er mogeleg å gjennomføre oppgraderinga på eit vis som er akseptabelt for trafikantane. Men prosessen er altså ikkje kommen så langt endå, at det er vurdert om ein ny tunnel kan vere ei like rimeleg løysing som oppgradering av den eksisterande tunnelen. Dersom oppgraderingsbehovet er svært kostbart kan ein ny tunnel vere ei betre løysing. I Vegvesenet sitt vidare arbeid med Lotetunnelen er nybygging difor endå med som eit alternativ.