Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2860 (2022-2023)
Innlevert: 12.08.2023
Sendt: 14.08.2023
Besvart: 22.08.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden ta initiativ til at Innovasjon Norge igjen blir etablert i Indonesia?

Begrunnelse

Stortinget sin asia-delegasjon var nylig i Jakarta og i den forbindelse møtte ein del norsk næringsliv og aktører. Som kjent har Norge inngått nylig handelsavtale med Indonesia. Denne del av verden opplever stor vekst og aktivitet og er eit viktig område for Norge å levere varer til og ha kontakt med. Samtidig som man inngår handelsavtale legges Innovasjon Norge kontoret ned og legges under Singapore. Dette framstår som litt merkelig at ikkje Innovasjon Norge er til stede fysisk i denne del av verden som opplever vekst.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Eit hovudmål for nærings- og omstillingspolitikken til regjeringa er å auke eksporten utanom olje og gass med 50 prosent innan 2030. For å nå målet er eksportreforma, «Hele Norge eksporterer» satt i gang. Gjennom «Hele Norge eksporterer» er det vedteke fleire nasjonale strategiske eksportsatsingar for å bidra til auka eksport og å diversifisere norsk økonomi. Til grunn for reforma ligg det at eksportarbeidet og eksportsatsingane skal basere seg på innspel frå og behova til næringslivet. Dette ligg òg til grunn for det arbeidet som eit samla Team Norway (Innovasjon Norge, utanriksstasjonane og andre offentlege verkemiddel) gjer for å fremje norsk næringsliv internasjonalt. På bakgrunn av behova frå næringslivet har Innovasjon Norge vurdert at for Indonesia så er ikkje etterspørselen og interessa frå norsk næringsliv tilstrekkeleg for å oppretthalde eit eiga kontor, samanlikna med etterspørselen og interessa frå norsk næringsliv ved andre kontor i Asia, som til dømes Kina, Japan, India, Vietnam og Singapore.
Det er styret i Innovasjon Norge som vedtar moglege endringar i kontorstrukturen til selskapet. Styret er, etter lov om Innovasjon Norge, ansvarleg for forvaltninga av selskapet og dermed ansvarleg for at selskapet er organisert forsvarleg. Kor Innovasjon Norge til ein kvar tid skal vere internasjonalt, er det derfor opp til styret og leiinga av selskapet å vurdere og avgjere, i arbeidet med å nå dei måla som er satt for Innovasjon Norge.
I oppdragsbrevet frå Nærings- og fiskeridepartementet står det at Innovasjon Norge skal gjere ein fullstendig gjennomgang av det internasjonale nærværet dei har kvart fjerde år, og at dette skal bli lagt fram for Nærings- og fiskeridepartementet for kommentarar.