Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2880 (2022-2023) Innlevert: 14.08.2023 Sendt: 15.08.2023 Besvart: 23.08.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik
Sivert Bjørnstad (FrP): Var noen i Kommunal- og distriktsdepartementet klar over at det ble forberedt og jobbet med innføring av en grunnrenteskatt for havbruk på det tidspunktet statsråd Gram solgte sine aksjer i havbruksselskapet NTS, februar 2022?
Sigbjørn Gjelsvik: Havbruksskatteutvalet la i sin rapport, NOU 2019:18 Skattlegging av havbruksvirksomhet, fram sine vurderingar og tilrådingar om korleis skattesystemet for havbruk bør utformast. Utvalet tilrådde å innføre grunnrentebeskatning på havbruk.I Hurdalsplattformen har regjeringa følgjande ambisjon:Regjeringen vil: - Sikre lokalsamfunn innflytelse over egne naturressurser som stilles til rådighet for verdiskaping, og at lokalsamfunn og fellesskapet får en rettferdig del av verdiene som skapes.- Gjennomgå fordelingen av midlene fra Havbruksfondet, og øke kommunenes andel av inntektene fra fondet.I samband med førebuingar til arbeidet med statsbudsjettet for 2023, orienterte Finansdepartementet alle departementa at dei ynskte å starte vurderingar av ei rekke skattar, også grunnrenter innanfor naturressursar. Dette er heilt vanleg.Frå det tidspunktet opplysningar vart rekna som marknadssenstive og fram til forslaget vart offentleggjort og sendt på høyring 28. september 2022, har informasjon om grunnrenteskatt for havbruk vore handsama som innsideinformasjon. Frå det tidspunktet opplysningar var å rekna som marknadssensitive, vart det ført oversikt over personar som hadde tilgang til saksopplysningar om arbeidet til regjeringa. Vurdering av om informasjon vart rekna for å vera marknadssensitiv, vart gjorde løpande. Av omsyn til dei interne prosessane i regjeringa, gjev ikkje departementet opplysningar om når saka vart diskutert. På det tidspunktet statsråd Gram selde aksjane sine, låg det ikkje føre innsideinformasjon i saka.