Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:3086 (2022-2023)
Innlevert: 03.09.2023
Sendt: 04.09.2023
Besvart: 11.09.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Har alle sakene om behovet for mathjelp gjennom de siste månedene gjort inntrykk på ministeren, og kan vi forvente at hun tar initiativ til at Matsentralene og de frivillige organisasjonenes ønske om å hjelpe flere blir mulig?

Begrunnelse

I mai spurte jeg familieministeren om følgende:

"Er familieministeren bekymret for at stadig flere barnefamilier må få mat fra frivillige organisasjoner og hva vil hun konkret gjøre for å hjelpe Matsentralene?"

Et langt svar oppsummert viste at man ikke ville gi en ekstra hånd til matsentralene på det tidspunktet og man ville heller ikke støtte Frps forslag i revidert budsjett om en solid økning til dette formålet eller f.eks. halvere matmomsen som Frp også har foreslått.
Gjennom sommeren har det vært en rekke saker om den økende pågangen hos Matsentralene og om hvor stort behovet er for dem som nå virkelig kjenner på en tøff økonomi i hverdagen.
Senest denne uken skrev NRK at behovet for mathjelp har aldri vært større.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Dei siste åra har det vore ein høgare prisvekst enn vanleg på viktige varer. Dei aukande prisane treff alle, men har størst konsekvensar for dei som har minst frå før. Det gjer inntrykk å høyre at fleire barnefamiliar og andre vanskelegstilte grupper har behov for mathjelp. At behovet har auka blant barnefamiliar, gjer meg som barne- og familieminister bekymra.
Matsentralen og dei frivillige organisasjonane som deler ut mat gjer ein utruleg viktig jobb, og det er viktig at regjeringa støttar opp under denne innsatsen. I 2022 blei derfor tilskotet til matsentralane auka med 7 mill. kroner, og i 2023 har Landbruks- og matdepartementet løyvd over 14 mill. kroner til Matsentralen Noreg. Dette har bidratt til at matsentralane kan dele ut meir mat enn tidlegare. I august 2023 hadde nettverket av matsentralar fordelt 3 764 tonn mat til organisasjonane, ein auke på 17 prosent frå august året før.
Mathjelp er eit viktig supplement til dei gruppene som no slit mest som følgje av auka levekostnadar. Eg er samstundes oppteken av at barnefamiliar og andre som ikkje har pengar til å dekkje naudsynte behov som mat, klede og straum, får hjelp til dette gjennom NAV og andre stønadsordningar. Arbeids- og velferdsdirektoratet har laga ein ny rettleiar som legg vekt på at NAV-kontoret ved søknad om sosialhjelp skal omsyn til barn og vere spesielt merksame på tilhøve som er viktige for oppvekstvilkåra til barn og unge. Vidare vil direktoratet utarbeide ein eigen normativ rettleiar for korleis NAV-kontora i møte med barnefamiliar skal ta særleg omsyn til barn sine behov. Frå 1. juli 2023 blei dei rettleiande satsane for økonomisk sosialstønad også auka med 10 prosent
Eg viser også til at frivillige organisasjonar som betyr mykje for mange i tider med stor kostnadsauke, også har blitt prioritert av regjeringa gjennom ordninga med momskompensasjon.
Saman med SV auka vi barnetilleggene for mottakarar av dagpengar, arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad. Som følgje av den ekstraordinære prisjusteringa i revidert nasjonalbudsjett er stønads- og tilskotsatsar i folketrygda òg auka. Regjeringa skal vidare sjå til at ingen mistar bustøtte som følgje av dei årlege trygdeoppgjera, og har vidareført straumstøtta i bustøtteordninga.
Vi har i 2023 styrkt barnetrygda for einslege forsørgjarar, prisjustert satsane i barnetrygda og auka satsane for barn over 6 år med 200 kroner i månaden. Endringa i sosialtenestelova som fastslår at barnetrygda skal bli halde utanfor ved berekning av økonomisk sosialhjelp, skal bidra til å sikre at dei auka satsane òg kjem sosialhjelpsmottakarar med barn til gode.
Vidare har vi gjort fleire grep for å redusere utgifter som dei fleste barnefamiliar har. Regjeringa har allereie redusert maksprisen for foreldrebetaling i barnehagen, og innført gratis barnehage for det tredje barnet i barnehage samtidig. I tillegg har vi varsla at vi i statsbudsjettet for 2024 vil foreslå å redusere maksprisen i barnehagen med heile 1000 kroner i månaden og 1 500 kroner i reduksjon i distriktskommunar. Frå 1. august 2023 blei ordninga med 12 timer gratis SFO i uka for fyrsteklassingar utvida til elever på 2. trinn, og vi har satt av meir pengar til ordningar som tilbyr gratis aktivitetar og dekkjer utgifter til fritidsaktivitetar for barn og unge.
I oktober 2023 skal ekspertgruppa om barn i fattige familiar kome med sine anbefalingar til endringar i ressursinnsatsen for å styrkje oppvekstvilkåra til målgruppa og motverke at fattigdom går i arv. Oppfølginga av rapporten vil bli ei viktig del av regjeringa sitt vidare arbeid med å motverke familiefattigdom og redusere sosiale skilnader.