Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare korleis den så kalla "fagetaten" kan faglig forsvare at ein prioriterar halve opprinneleg ferjefri E39 frå Ålesund til Molde, tek ut av planen heile E39/E136 frå Moa til Vestnes og tilrår å bruke over 26 milliard kr på nok som no åpenbart framstår som ein lokalveg for nokre øyer som resten av befolkninga her i fylket ikkje vil ha og ikkje vil ha råda til å bruke, og kva er forresten den "faglige" foklaringa for at "dødsvegen" E39 Veibust- Blindheimstunellen til Moa er foreslått ut av NTP?
Begrunnelse
I media den siste tida kan ein i Møre og Romsdal lese at to representantar frå regjeringspartia frå SP og AP i Transportkomiteen, var på møte med Møreaksen tilhengarar og lova full støtte til dette vanvittige pengesløseriprosjektet.
No er prosjektet som opprinnelig skulle gå frå Ålesund til forbi Molde, kutta ned av Statens vegvesen til kun å gjelde fjordkryssinga frå Vestnes og forbi Molde by. I utredninga for ferjefri E39, var såkalla "bu og arbeidsmarknadsregion" eit viktig punkt og argument, også køyretida mellom Ålesund og Molde.
No har den såkalla "fagetaten" i Statens vegvesen ved utbyggingsdirektøren, etter bestilling frå regjeringa og departement, varsla at heile strekninga frå Moa i Ålesund og til Vestnes for E39/E136 skal takast heilt ut av neste NTP periode på 12 år.
I den same tilrådinga frå Statens vegvesen har ein teke heilt ut av NTP, "dødsvegen" i midt Norge, E39 Veibust-Blindheimstunellen til Moa, med mengder av alvorlige ulykker og mange dødsulykker, ein ettløpstunell med over 22000 bilar i døgnet.
I tilrådinga frå "fagetaten" skal også RV15 Strynefjellet med arm til Geiranger også heilt ut av NTP dei neste 12 åra. "med andre ord skal alle dei tre viktigaste exportvegane inn og ut av fylket, dei mest ulykkesutsatte vegane her i fylket, inn mot Ålesund og mellom Ålesund og Molde, takast ut av alt planverk dei neste 12 åra dersom SP og AP får bestemme.
Møreaksen, har med andre ord brått blitt ein "lokalveg" for nokre få % av befolkninga i Møre og Romsdal ut på nokre øyer, og der heile argumentasjonen for å knytte i hop regionen, knyte i hop Molde og Ålesund har blitt kasta i søppelkassa av Statens vegvesen.
Likevel står altså representantar fram frå SP og AP og skal prioritere dette galskapens prosjekt som befolkninga her i fylket ikkje vil ha, til meir enn 26 milliard kr.
Eit prosjekt som ikkje er halvparten ein gong av ferjefri "Møreakse" mellom Ålesund og Molde, men som likevel er berekna å koste for ein bil tur/retur over 500 kr, framstår dette etterkvart som eit totalhavari av eit prosjekt, der ein dessverre har "lurt" til seg planleggingsmidlar i halvmilliard klassen.