Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:3149 (2022-2023)
Innlevert: 14.09.2023
Sendt: 15.09.2023
Besvart: 22.09.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Hva gjør statsråden for å sikre at norsk barnevern unngår å krenke barn og foreldres rettigheter og hvordan vil hun konkret følge opp at norsk barnevern denne uken er felt i tre nye dommer fra Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i Strasbourg?

Begrunnelse

Norge har ved flere tilfeller blitt dømt i EMD, for brudd på EMK. Sist var denne uken da Norge ble dømt i ni saker (i tre dommer). Felles for sakene er at retten til familieliv har blitt krenket. Også tidligere har Norge blitt dømt på enkelte punkter i lignende saker. Dette er svært alvorlig og vil kunne utfordre tillitten til norsk barnevern.
Dommene viser at retten til familieliv ikke har vært sikret tilstrekkelig av barnevernet. Vi ser nok en gang at barnevernet ikke har hatt god nok forståelse og respekt for foreldrenes rett til barn og barns rett til foreldre.
Gjennom flere år har det vært arbeidet målrettet med å sørge for at norsk barnevern ikke begår overtramp mot barn og foreldres rettsikkerhet. Mye positivt har skjedd, og NOU 2023:7 peker på en rekke tiltak som vil styrke rettsikkerheten ytterligere. Det er høyst nødvendig å gjennomføre slike tiltak så snart som mulig. Vi har ikke råd til at barnevernet svikter barn og foreldre i flere saker.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg vil understreke at eg tar på største alvor at Den europeiske menneskerettsdomstol (EMD) i fleire saker har konstatert at familiar har vore utsett for feil praksis i barnevernssakene deira og deira rett til familieliv har blitt krenka. Mi oppgåve no er å sørgje for at norsk barnevern imøtekjem våre menneskerettslege forpliktingar, og at andre familiar ikkje opplever noko liknande. Det er bra at foreldre kan bringe barnevernssaker inn for ein internasjonal domstol og at Noreg kan få eit korrektiv utanfrå der det er naudsynt.
Sidan desember 2015 har EMD tatt til behandling til saman 50 barnevernsklager mot Noreg, og etter avgjerdene i september er 48 avgjort av domstolen. Utover 43 kommuniserte saker mot Noreg, har EMD i tillegg behandla sju saker som dei ikkje formelt har kommunisert. 12. september 2023 konstaterte EMD krenking i ni saker, og 14. september avviste dei 12 saker som openberr grunnlause. Totalt har EMD konstatert krenking av menneskerettane etter EMK artikkel 8 om rett til privatliv i 23 saker. I 25 s saker kom EMD til at det ikkje var krenking, eller at sakene skulle avvisast som openbert grunnlause. To av dei 50 sakene er ennå ikkje avgjort av EMD. Noreg er dømt for feil i sakshandsaminga til domstolane. EMD har òg, men meir indirekte, kome med kritikk av at målsettinga om gjenforeining mellom barn og foreldre etter ei omsorgsovertaking er forlatt for tidleg og at fastsetjing av samvær speglar dette. Noreg er dømt til å betale oppreisingserstatning på EUR 25 000 i dei aller fleste sakene.
Som ein del av oppfølginga av dommane har eg møtt nokre av foreldra som tidlegare har fått konstatert krenking av menneskerettane sine, og eg vil no be lokale styresmakter møte dei familiane som i september har fått medhald i EMD, viss familiane ønskjer det. Bufdir vil også ta del i dette.
Eg er bekymra for at dommane mot Noreg utfordrar tilliten til barnevernet. Det er derfor ei prioritert oppgåve for meg og regjeringa at både barn og foreldre som er i kontakt med barnevernet blir riktig og godt ivaretatt. For meg som barneminister er det viktig at omsynet til barnets beste skal vere eit førande prinsipp.
Vi har gjort mykje for å rette opp i det EMD viser til. Kritikken frå EMD har i hovudsak blitt retta mot barnevernet og domstolane sin sakshandsaming og avgjerdsgrunnlag. Det er alvorleg, og her er det gjort endringar for å følgje opp dommane og endre praksis i barnevernet.
Vi har sett i gang større arbeider på barnevernsområdet som nettopp skal styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre som treng hjelp frå barnevernet. Mellom anna har ny barnevernslov tredd i kraft, og denne skal bidra til å betre rettstryggleik til både barn og foreldre. Vi ser at barnevernssektoren og domstolane har tatt inn over seg signala frå EMD og Høgsterett. Mellom anna tyder rapportar på at grunngivingar og dokumentasjon er meir omfattande enn tidlegare. Vi ser òg at det er ein aukande bevisstheit når det gjeld å vurdere samvær etter ein omsorgsovertaking, og det å arbeide for gjenforeining av barn og foreldre.
Eg vil gjerne understreke at samvær alltid skal vere til det beste for barna. Derfor er det viktig at vi lyttar til kva barna sjølv vil i samværssaker. Dette er det òg lagt vekt på i retningslinjene som Bufdir utarbeida i 2022 om samvær. Barn sitt eige syn på kor mykje samvær dei ønsker, er eit førande prinsipp i fastsettinga av samvær. Retningslinjene vil styrkje stillinga til både barn og foreldre ved at barnevernstenesta blir betre rusta til å gjere ei konkret vurdering av kor mykje samvær familien skal ha.
Eg er vidare opptatt av kompetansen i barnevernet. Dei tilsette i barnevernet jobbar med dei mest sårbare blant oss, og skal i tillegg til å vere trygge og omsorgsfulle vaksne, som ser kvart einskild barn, ha relevant og riktig kompetanse. Barnevernet er sett til å løyse nokre av dei aller mest krevjande sakene vi har i velferdsstaten, og utøver høg grad av maktutøving. Ulike omsyn må ofte vektast mot kvarandre, og rommet for fagleg skjønn er stort. Dette krev god kompetanse. Derfor er det sett i verk ei rekkje tiltak for å heva kompetansen blant tilsette i barnevernstenestene. I ny barnevernslov har vi til dømes lovfesta krav om barnevernsfagleg eller anna relevant mastergradsutdanning for tilsette i det kommunale barnevernet. Krava vil mellom anna gjelde for leiarar og tilsette med utgreiings- og sakshandsamingsoppgåver. Vi har lagt til rette for ei overgangsordning for å bevare verdifull erfaring og kompetanse i sektoren.
Samla meiner eg at tiltaka som er satt i verk vil bidra til å auke og vareta rettstryggleiken til barn og foreldre i barnevernssaker. Som representanten tek opp har barnevernsutvalet i NOU 2023:7 kome med forslag til tiltak for å styrkje rettstryggleiken i barnevernet ytterlegare. Forslaga har no vore på høyring og er til behandling i departementet.