Ingrid Fiskaa (SV): Muraren Mohammed Naseem vart hausten 2007 feilaktig pågripen av Forsvarets spesialkommando (FSK) i Afghanistan.
Når - dato og klokkeslett - rapporterte Task Force 51/Forsvarets Spesialkommando til Forsvarets Operative Hovudkvarter at personen dei hadde pågripe var Mohammad Naseem?
Begrunnelse
17. september 2007 gjennomførte soldatar frå Forsvarets spesialkommando (FSK) ein større operasjon i Tagab-dalen nordaust for Kabul. Målet for operasjonen var å pågripa ein Taliban-leiar som heitte Qari Nejat. I fjor haust vart det kjent i media at feil mann vart tatt til fange under operasjonen.
Mannen som vart pågripen var ein murar som heitte Mohammad Naseem. I eit brev frå Forsvarsdepartementet datert 12. november 2010, heiter det:
"Angjeldende norske styrker opplyser at det ikke ble brukt noen form for makt mot vedkommende. Taktisk utspørring av Naseem ble heller ikke gjennomført i og med at tolk ikke var tilgjengelig under operasjonen."
I svar på skriftleg spørsmål 2507 opplyste statsråden at:
"I tråd med etablerte rutinar rapporterte FSK til Forsvarets Operative Hovudkvarter og ikkje til FD."