Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

Dokument nr. 15:3222 (2022-2023)
Innlevert: 22.09.2023
Sendt: 25.09.2023
Besvart: 02.10.2023 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Regjeringa lanserte denne veka eit nytt garantifond som skal risikoavlaste bedrifter som investerer i fornybar kraft i utviklingsland. Det er eit stort behov for auka klimafinansiering, men uklart kvifor eit instrument som utelukkande skal kutte klimagassutslepp skal knyttast til utviklingsdirektoratet Norad.
Kor mykje av bistandsbudsjettet skal gå til tapsavsetjing til det nye garantifondet for utsleppskutt, og kvifor skal eit fond for utsleppskutt finansierast med bistandsmidlar?

Begrunnelse

21. september kunne vi lese i e-24 at regjeringa opprettar ei ny statleg garantiordning som skal risikoavlaste private aktørar som ynskjer å bygge ut vind- vatn og solkraft i utviklingsland. Ifølgje avisa vert ramma på 5 milliardar kroner, og det bevilgast ei tapsavsetjing i statsbudsjettet for 2024 og 2025.
Det er avgjerande at Noreg bidreg med meir global klimafinansiering. Garantifondet kan vere eit godt bidrag for å auke utviklinga av fornybar energi og kutte utslepp i utviklingsland, men eit slikt fond er ikkje heilt uproblematisk. Kutt av klimagassutslepp i utviklingsland vil vere eit globalt fellesgode. Jamfør Parisavtala frå 2015 har Noreg forplikta seg til at slik klimafinansiering skal vere addisjonell og ikkje gå på kostnad av bistand til fattigdomsreduksjon. Sverige har lang erfaring med slike garantifond og Noreg bør la seg inspirere av nabolandet. For Sverige brukar ikkje bistandsbudsjettet til å betale for eventuelle misleghald (tapsavsetjing). Ifølge FN har 54 land ei så høg gjeldsbyrde at det går utover grunnleggande behov hjå befolkninga. Store statlege lån for å finansiere berekraftsmåla, kombinert med makroøkonomiske forhald etter finanskrisa og konsekvensar av pandemien, har skapt ei gjeldsboble i utviklingsland dei siste tiåra. Garantiordninga må ta omsyn til gjeldsberekrafta i mottakarlandet. Noreg må avstå frå å kreve motpartsgarantiar, enten det er garantiar for lånebeløp eller kjøpsavtaler som garanterer eventuell inntektsreduksjon, overfor gjeldstyngde land. Dette er avgjerande for å hindre at Noreg er med på å forverre gjeldsbyrda til låg- og mellominntektsland på lengre sikt.

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp)

Svar

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim: Regjeringa foreslår å opprette ei ny statleg garantiordning for fornybar energi i utviklingsland i 2024. Eg ser fram til å uttale meg meir detaljert om ordninga sitt mål og innretning i etterkant av budsjettfremleggjinga.
Eg ynskjer likevel allereie nå å understreke at intensjonen med å utgreie ei slik ordning ikkje har vore å etablere «eit instrument som utelukkande skal kutte klimagassutslepp» slik representanten skriv. Regjeringa har mål om å sameine klima- og utviklingspolitikken. Garantiordninga er eit døme på dette. Tilgang til energi er ein føresetnad for økonomisk og sosial utvikling. Det stimulerer til berekraftig økonomisk vekst og bidreg til å redusere fattigdom og ulikheit. Dersom utviklingsland skal sikrast tilgang til energi utan at klimakrisa forverrast må det satsast stort på fornybar energi.
Men tidligare framgang i tilgang på energi for verdas fattige har snudd samstundes som dei fleste utviklingsland er avhengige av kraftig vekst i energiproduksjonen for å redusere fattigdom i tråd med berekraftsmåla. Det sørlege Afrika mottek mindre enn 1 prosent av dei totale globale investeringane i fornybar energi og trenden er nedadgåande. Ifylgje det internasjonale energibyrået IEA manglar om lag 775 millionar menneske tilgang til elektrisitet. Størstedelen av desse bur i Afrika sør for Sahara, kor over 50 pst. av folkesetnaden framleis er utan tilgang på elektrisitet. Framleis vantar omlag 2,3 milliardar menneske rein energi til matlaging. Dette har omfattande utviklingsmessige og helsemessige konsekvensar.
Dersom trenden held fram vil 660 millionar menneske framleis vante tilgang til elektrisitet, og nærare 2 milliardar menneske vil framleis vere avhengige av forureinande drivstoff og teknologiar for matlaging i 2030.
Framveksande marknader og utviklingsland treng om lag 2 400 mrd. USD i årlege klimainvesteringar. Reell og opplevd risiko for investeringar i utviklingsland er eit vesentleg hinder for private investeringar. OECD peikar på garantiar som eit effektivt verkemiddel for å mobilisere privat kapital.
Regjeringa ynskjer difor nå å nytte Noregs økonomiske tyngde i ei statleg garantiordning for å mobilisere privat kapital til fornybarinvesteringar i utviklingsland i stor skala.