Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:3268 (2022-2023)
Innlevert: 28.09.2023
Sendt: 28.09.2023
Besvart: 05.10.2023 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden omgjere Kystverket sin beslutning om å redusere farten i vågen i Bergen som skaper ulemper for fylkeskommunen sine hurtigbåtar?

Begrunnelse

Bergens Tidende hadde 25. september ei sak om farten for båtar i vågen i Bergen. Her har Kystverket satt ned farten frå 8 til 5 knop som medfører store økonomiske ulemper for fylkeskommunen sine hurtigbåtar. Samt større utslepp og ifølge operatøren Norled trengs 8 knopp for å kunne navigere sikkert. Då saka framstår uten logikk og medfører store ulemper bør statsråden gripe inn og sørge for at fylkeskommunen ikkje får store ulemper.

Bjørnar Skjæran (A)

Svar

Bjørnar Skjæran: Fram til 1. januar 2022 var fartsgrensa for alle typar fartøy i Vågen 5 knop. I ein periode frå 1. januar 2022 til 30. juni 2023, var fartsgrensa for næringsfartøy i dette området 8 knop. Grunngivinga for at fartsgrensa i denne perioden vart sett til 8 knop var ifølge Kystverket at hurtigbåtane treng styrefart i området og at dei større fartøya av naturlege årsaker vil ha lågare fart uansett.
Fartsgrensa for fritidsfartøy i same område er 5 knop. Denne fartsgrensa er fastsett av Bergen kommune. Erfaringa til Kystverket, Bergen kommune og Bergen hamn er at det skapte problem at det var ulik fartsgrense for ulike typar fartøy i same område i Vågen. Ifølge Kystverket blei fritidsfartøy innhenta og forbikøyrde av større hurtigbåtar, noko som gjorde at sjøsikkerheita i Vågen ikkje var tilfredsstillande. Vågen er eit område med mykje blanda trafikk og eit komplekst trafikkbilde. Forutan problema med ulike fartsgrenser for ulike fartøy, viser Kystverket i si nautiskfaglege vurdering til at det i ein trong våg som Vågen i Bergen, skjer ei oppbygging av sjø ved fart over 5 knop.
Dersom hurtigbåtane av sikkerheitsmessige årsaker har behov for større fart enn 5 knop, til dømes på grunn av kraftig vind eller straum, kan dei etter sjøvegsregel nr. 6 ha sikker fart for å halde kurs og manøvreringsevne. Regelen om sikker fart går føre den lokale fartsgrensa. Behovet for styrefart i området, som var ei hovudårsak til at fartsgrensa ein periode var sett til 8 knop for næringsfartøy, er dermed ivaretatt av sjøvegsregel nr. 6. Kystverket har derfor gjeninnført fartsgrensa på 5 knop i Vågen, også for næringsfartøy.
Det er viktig at statlege reguleringar set gode rammevilkår for at fylkeskommunane kan gi eit godt rutetilbod til innbyggarane, men når ein skal fastsetje fartsgrenser er det mange ulike omsyn som ein må vege opp mot kvarandre. I dette tilfellet er det lagt størst vekt på omsynet til sjøsikkerheit. Kystverket har vurdert at omsynet til mellom anna rutetider ikkje kan gå føre omsynet til sikkerheita i området. Som nemnt vil regelen om sikker fart gå føre den lokale fartsgrensa dersom det i konkrete tilfelle er behov for større fart for å halde kurs og manøvreringsevne. Eg ser derfor ikkje grunn til å gjere om fartsgrensene som Kystverket har sett for næringsfartøy i Vågen.