Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:29 (2023-2024)
Innlevert: 05.10.2023
Sendt: 05.10.2023
Besvart: 12.10.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva er status på arbeidet med revidering av viltlova, og vil regjeringa støtte ei oppheving av noverande § 10 om jaktforbod i romjula og på utvalde religiøse høgtidsdagar?

Begrunnelse

Det går for tida føre seg ei større revidering av viltlova. Det vil vere ønskeleg om statsråden kan greie ut om status for dette arbeidet, og når Stortinget kan vente å få saka til behandling. I samband med denne revideringa vil det vere naturleg å sjå om forbodet i noverande § 10 eigentleg har noko fornuftig grunngjeving i vår tid. Dagens forbod er utforma slik: "Jakt og fangst er ikke tillatt i tiden fra og med 24. desember til og med 31. desember og ikke på langfredag, påskeaften og første påskedag."
Det er vanskeleg å sjå naturfaglege, dyreetiske eller på andre måtar faglege grunngjevingar for dette forbodet. Eventuelle religiøse grunngjevingar for forbodet kan vanskeleg sjåast å vere forankra i dagens føremålsparagraf.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet arbeider med å revidere viltlova. Før saka kjem til Stortinget må ho blant anna ut på alminneleg høyring. Vi tek sikte på å sende saka på høyring i løpet av 2024. Eg kan ikkje seie noko nærare om når Stortinget kan vente å få saka til handsaming.
I arbeidet med å revidere viltlova, går departementa gjennom og vurderer alle reglane i gjeldande viltlov. Det endelege forslaget til lov, der også dagens § 10 vil verte vurdert, vil fyrst vere klart når saka sendast til handsaming i Stortinget.