Skriftlig spørsmål fra Sveinung Stensland (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:71 (2023-2024)
Innlevert: 09.10.2023
Sendt: 09.10.2023
Besvart: 16.10.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Sveinung Stensland (H)

Spørsmål

Sveinung Stensland (H): Hva må til og hva vil barne- og familieministeren gjøre for å bidra til bedre geografisk spredning av ATV-kontorer, inkludert opprettelse av et slikt kontor på Haugalandet?

Begrunnelse

Kommunene på Haugalandet, med Haugesund kommune i spissen, har tatt initiativ til å etablere et helhetlig behandlingstilbud til både den som utøver vold og de som utsettes for vold i nære relasjoner, i regi av stiftelsen Alternativ til Vold (ATV).
Politiet i distriktet er positive til en slik etablering. ATV selv mener Haugalandet har behov for et slikt kontor og Stortinget har tidligere stilt seg bak målet om bedre geografisk spredning av ATV-kontorer i Norge.
Jeg lurer derfor på hva regjeringen kan bidra med for å få på plass et slikt kontor, hva det vil kreve av økonomisk bevilgning og om viljen er til stede.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Eg vil fyrst takke for spørsmålet. Lokale initiativ for eit styrka arbeid og samarbeid på voldsfeltet ser eg på som svært viktig. Som spørsmålsstillar kjenner til, gir Stiftelsen Alternativ til Vold (ATV) mellom anna lågterskel behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og til familien til valdsutsette. I dag er det til saman 15 ATV-kontor rundt om i landet. Dei fleste kontora er finansierte med både statlege og kommunale midlar, men nokre berre med tilskot frå staten. Ifølge årsrapporten til ATV for 2022, dekte ATV-tilboda 82 kommunar i 2022, med ein samla befolkning på over 3 130 000 personar. ATV har i 2022, i tillegg til statlege tilskot, fått driftstilskot frå 39 kommunar.
Å sikre betre geografisk spreiing av tilbodet til ATV, krev mellom anna at fleire kommunar prioriterer dette og inngår samarbeid med ATV. Kommunane kan inngå avtale med eksisterande ATV-kontor, eller avtale med ATV om etablering av nye kontor i dei delane av landet som ikkje har eit ATV-tilbod. Det krev finansiering. Per i dag er det ikkje ATV- tilbod på Haugalandet, Innlandet, Møre og Romsdal eller i Østfold. Dei fleste ATV-kontora tilbyr kun behandling til innbyggjarane i kommunane som har eit samarbeid med ATV. ATV får eit øyremerka statleg driftstilskot etter søknad. Søknad frå ATV om statlege midlar til etablering av nye kontor må behandlast i dei ordinære budsjettprosessane.
Samstundes er det òg viktig å sjå ATVs behandlingstilbod i samanheng med andre behandlingstilbod til valdsutøvarar, slik som tilbod til foreldre om sinnemeistring i regi av Familieverntenesta, eller behandlingstilbod til valdsutøvarar i helsetenesta.
Eg er kjend med at ATV har dialog med fleire kommunar om etablering av nye ATV-tilbod, mellom anna med kommunar på Haugalandet. Eg meiner det er positivt at kommunar ønskjer å styrkje behandlingstilbodet til valdsutøvarar og valdsutsette. Det er ein viktig del av det valdsførebyggjande arbeidet som òg kommunane har eit ansvar for. Eit viktig verkemiddel i dette arbeidet er bruk av kommunale handlingsplanar. Eg vil oppfordre alle kommunar til å utarbeide handlingsplanar for å førebyggje vald og overgrep.
ATV legg til grunn at etablering av eit nytt kontor med 5 årsverk vil koste til saman 7 mill. kroner. Regjeringa har ikkje foreslått midlar til etablering av nye ATV-tilbod i budsjettet for 2024 Budsjettforslaget er no til handsaming i Stortinget.
Eg vil understreke at det er ei ønska utvikling at fleire kommunar skal inngå samarbeid med eksisterande ATV-kontor, slik at fleire valdsutøvarar og familiane deira kan få tilbod om behandling og oppfølging. Eg viser elles til at regjeringa skal leggje fram ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar hausten 2023.