Skriftlig spørsmål fra Lene Westgaard-Halle (H) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:246 (2023-2024)
Innlevert: 27.10.2023
Sendt: 27.10.2023
Besvart: 02.11.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Lene Westgaard-Halle (H)

Spørsmål

Lene Westgaard-Halle (H): Er statsråden enig med sin partifelle i Gausdal, eller mener han at forbrukerne ønsker politiske endringer som gir Tine et tilnærmet monopol for store deler av norsk meierisektor og samtidig høyere matvarepriser?

Begrunnelse

Endringer av de konkurransefremmende tiltakene i meierisektoren vil medføre en betydelig styrking av Tines posisjon i det norske meierimarkedet, samtidig som konkurrentene svekkes kraftig. Dette vil ifølge flere av høringsuttalelsene føre til økte priser og dårligere utvalg for forbrukerne. Dette har også blitt påpekt av Senterpartiordføreren i Gausdal, og gjennom en svært tydelig uttalelse fra et samlet Gausdal kommunestyre.

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Representanten Westgaard-Halle har stilt meg eit spørsmål med same premiss som spørsmål nr. 77 som vart stilt frå same representanten den 10. oktober i år. Eg er framleis ikkje samd i premissen om at dei forslaga som har vore på høyring vil gje «Tine tilnærmet monopol for store deler av norsk meierisektor og samtidig høyere matvarepriser.» Eg viser derfor til svaret eg gav Westgaard-Halle på spørsmål nr. 77, der eg viste til dei justeringane som låg inne i høyringsframlegget, og eg siterer herifrå:

«Forslaget inneber at om lag tre firedelar av beløpet som går til konkurransefremjande tiltak vert ført vidare. Endringsframlegget byggjer på at både eg og regjeringa meiner konkurranse i meierisektoren er viktig og at konkurransefremjande tiltak enno er naudsynt for å leggje til rette for konkurranse i sektoren.»

Fristen for å gje innspel til høyringa gjekk ut den 10. oktober 2023. Departementet går no gjennom dei ulike høyringsinnspela før det vert trekt endelege konklusjonar. Eg opplever stor interesse om saka, og det er viktig for meg å få eit best mogleg grunnlag før ho vert endeleg avgjort. Eg har difor invitert meieriaktørane til eit møte den 6. november 2023, slik at dei får presentert sine analysar og synspunkt direkte til meg.