Skriftlig spørsmål fra Une Bastholm (MDG) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:320 (2023-2024)
Innlevert: 03.11.2023
Sendt: 03.11.2023
Rette vedkommende: Landbruks- og matministeren
Besvart: 10.11.2023 av landbruks- og matminister Geir Pollestad

Une Bastholm (MDG)

Spørsmål

Une Bastholm (MDG): Det blir stadig mindre natur og gammelskog igjen i Norge, særlig på det sentrale Østlandet. Likevel foretas det fortsatt flatehogst i de gjenværende naturskogene. En naturskog ved Høyfjellsvangen i Nittedal kommune ble nylig hugget til sterke protester fra blant annet Naturvernforbundet og aksjonsgruppen Skogsopprøret. Naturvernforbundets vurdering er at dette var det mest verdifulle gammelskogsområdet i søndre del av Romeriksåsene utenom reservatene.
Hva vil regjeringen gjøre for å gi gjenværende naturskog bedre beskyttelse?

Geir Pollestad (Sp)

Svar

Geir Pollestad: Saman med klima- og miljøministeren har eg nyleg motteke ein rapport frå Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet som inneheld eit felles kunnskapsgrunnlag om den økologiske tilstanden i norsk skog. Rapporten beskriv ein meny av tiltak som kan bidra til å oppretthalde eller forbetre denne tilstanden. Rapporten er svar på ei bestilling for oppfølging av Hurdalsplattformen. Rapporten viser at biologisk gammal skog no utgjer 13,2 posent av den produktive skogen i Noreg. I perioden frå 1999 til 2019 var det ein auke av arealet med biologisk gammal skog på nær to og ein halv gong. Denne utviklinga meiner eg fortel at dei verkemidla vi har for å ivareta viktige livsmiljø i gammal skog har god verknad, og vil halde fram med å virke framover. Regjeringa vil følgje opp rapporten på egna måte.
Målet om vern av 10 prosent av skogarealet, der vern av grunn i privat eige skal skje frivillig står ved lag, og det vernast nye skogareal kvart år. Dette styrker ivaretakinga av den gamle skogen.
I all skog utanom verneområda gjeld skogbrukslova med forskrifter, der reglar for skogbruket sitt miljøansvar er nedfelt. Hogst kan normalt berre skje i område der det er gjennomført miljøregistreringar. Desse registreringane skjer som del av utarbeiding eller revisjon av skogeigaren sin skogbruksplan, og fokuserer på å identifisere og kartfeste viktige livsmiljø med høgt artsmangfald. Dette vil ofte vere gammal og lite hogstpåverka skog. Ved gjennomføring av skogbrukstiltak er det eit krav i forskrift om berekraftig skogbruk at verdiane i viktige livsmiljø blir tekne vare på.
Saman med dei offentlege reglane speler sertifiseringsordningane som er avtalt mellom skognæringa og miljøorganisasjonane ei viktig rolle for ivaretaking av miljøverdiane i skog, med viktige livsmiljø, herunder gammal skog.
Hogsten i Nittedal som representanten viser til, er handsama av Nittedal kommune og Statsforvaltaren i Oslo og Viken, etter klaga frå Naturvernforbundet og er endeleg avgjord. Ut over det vil eg ikkje kommentere denne einskilde saka.