Alfred Jens Bjørlo (V): Vil kommunal- og distriktsministeren sørge for at Vestland og andre fylkeskommunar som har gått føre i å stille nullutsleppskrav til nye ferjer og hurtigbåtar, og dermed er med å drive fram utviklinga av ny nullutsleppsteknologi som er nødvendig for å nå dei norske klimamåla, ikkje blir straffa økonomisk samanlikna med fylkeskommunar som har venta med å stille slike krav til det kjem statleg pålegg om å gjere det?
Begrunnelse
Å kutte klimautslepp frå ferjer og hurtigbåtar er ein heilt nødvendig og fullt gjennomførleg del av arbeidet med å nå dei norske klimamåla om 55 % kutt før 2030, og den vidare omstillinga av Noreg til eit nullutsleppssamfunn.
Vestland fylkeskommune (og tidlegare Hordaland fylkeskommune) har over lang tid synt politisk vilje og mot i denne nasjonale klimadugnaden ved å gå føre i å stille krav om nullutslepp til ferjer og hurtigbåtar i samband med nye ruteanbod. Vestland fylkeskommune har mellom anna nyleg lagt ut anbod på fire elektriske hurtigbåtar som skal gå mellom Bergen og gamle Sogn og Fjordane (Bergen- Sogn og Bergen-Nordfjord). Meirkostnadane for investering og drift av båtane kjem på ca. 1,5 milliardar kroner over 15 år, i tillegg til eingongskostnader for ladeinfrastruktur.
Vestland fylkeskommune har nyleg fått beskjed frå Samferdsledepartementet om at dei ikkje kan rekne med å få desse meirkostnadene kompensert, fordi dei har vore for tidleg ute med å stille nullutsleppskrav. Fylkeskommunar som har venta med å stille nullutsleppskrav til etter at ei varsla statleg forskrift om dette er innført, vil derimot bli kompensert.
Dersom denne forskjellshandsaminga blir ståande, kan det føre til at ingen kommunar eller fylkeskommunar i framtida vil ta sjansen på å gå føre i å ta i bruk ny teknologi som kan kutte klimautslepp, men heller set seg på sidelinja og ventar på statlege pålegg. Det vil mildt sagt vere svært uheldig både for ny teknologiutvikling innanfor klima og miljø, og for sjansane til at Noreg når måla om 55 % klimakutt innan 2030.
Eg og Venstre vil difor be om at Kommunal- og distriktsministeren snarast ryddar opp i saka og sørger for at Vestland, Møre og Romsdal og andre fylkeskommunar som har gått føre i å stille nullutsleppskrav i nye ferje- og hurtigbåtanbod, blir kompensert på tilsvarande måte som fylkeskommunar som har venta med å innføre krav til det kjem statlege pålegg om å gjere det.