Skriftlig spørsmål fra Morten Stordalen (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:491 (2023-2024)
Innlevert: 20.11.2023
Sendt: 20.11.2023
Besvart: 28.11.2023 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Morten Stordalen (FrP)

Spørsmål

Morten Stordalen (FrP): Hva vil statsråden gjøre for at Færder kommune med flere skal kunne levere et trygt, godt barnevern som er til beste for barna og familiene?

Begrunnelse

Fra 2016 og frem til 1. januar 2022 driftet Færder kommune barnevernet helt selv. Dette forsøket medførte at kommunen fikk ekstra penger til å dekke kostnadene knyttet til det forsøket krevde av kommunen. De fikk blant annet fullt ansvar for finansieringen av plassering av barn på institusjon og kunne velge plass for det enkelte barn, uavhengig av om tiltaket var offentlig eller privat. Resultatet var meget godt for alle parter. Situasjonen nå som forsøket er avviklet er uholdbar. De store taperne nå er barna og familiene som er berørte. Bufetat har tidligere i år varslet om kapasitetsutfordringer. Færder opplever nå at beredskapshjem er langt unna, som igjen fører til at barna rives vekk fra nettverk og slekt. Kommunen opplever en stor mangel på fosterhjem, ingen akuttplasser for barn og ungdom, lange ventelister med mer. I tillegg er det nå en formidabel økning i bekymringsmeldinger og undersøkelser. Det kan her se ut til at Bufetat ikke oppfyller bistandsplikten sin.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Færder kommune var i ein periode ein av fire kommunar som deltok i eit tidsavgrensa forsøk knytta til oppgåvedelinga mellom stat og kommune i barnevernet. Forsøket var ein del av arbeidet med barnevernsreforma, og blei avslutta i 2021. Færder kommune har no det same oppgåve- og finansieringsansvaret som andre kommunar, og det same behovet for ein tilstrekkeleg kapasitet i Bufetats tilbod.
Det er rett som spørjaren viser til, at Bufetat ikkje har hatt ein tilstrekkeleg kapasitet i tilbodet sitt i 2023. Dei har ikkje klart å oppfylle bistandsplikta i alle saker, og det har dessverre vore fleire brot på bistandsplikta. Konsekvensane kan vere svært alvorlege for barn og unge det gjeld.

Institusjonsområdet

Sidan slutten av 2022 har det vore ein markant auke i etterspurnaden etter institusjonsplassar, særleg etter akuttplassar, rusplassar og plassar til barn med store og samansette behov. Sjølv om det òg har vore ein auke i talet på barn i institusjon samanlikna med i fjor, altså at kapasiteten i tilbodet er auka, opplever Bufetat fleire brot på bistandsplikta. Som følgje av mellom anna utviklinga i behovet, blei det statlege barnevernet styrka med 260 millionar kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023, og regjeringa foreslår i Prop. 8 S (2023-2024) ein ytterlegare auke for inneverande år på om lag 380 millionar kroner. For 2024-budsjettet har vi foreslått ei samla styrking av det statlege barnevernet på om lag 700 millionar kroner.
Det viktigaste tiltaket for å sikre at brot på bistandsplikta ikkje skjer, er å auke kapasiteten på institusjonsplassar og gjere beredskapen betre. Det er eit arbeid som er i gang, både på kort og lengre sikt. Eg ba i sommar Bufdir utarbeide ein overordna tiltaksplan for å bidra til betre beredskap og auka kapasitet på kort sikt i institusjonsbarnevernet
.. Barna sine behov skal alltid komme først. I oktober kom også Barnevernsinstitusjonsutvalet sin rapport, NOU 2023: 24, som vil vere viktig for regjeringas vidare arbeid for eit trygt institusjonsbarnevern tilpassa behova til barna vi skal hjelpe. Rapporten er no på høyring.

Fosterheimsområdet

Når det gjeld Bufetat sitt tilbod av foster- og beredskapsheimar, er utfordringane samansette. For det første er det for få familiar som vel å bli fosterheim. For det andre rapporterer Bufetat om at fleire familiar fell av i løpet av rekrutteringsforløpet som skal leie til at dei blir klargjort for oppdrag som fosterheim. For det tredje er det mange opphald i fosterheim som ender i brot og utilsikta flyttingar, og ein slit med å gjenrekruttera fosterheimar til nye oppdrag.
Det er satt i verk fleire tiltak for å møte utfordringane på fosterheimsområdet. Bufdir har utarbeida faglege råd for økonomiske rammevilkår for fosterheim, som blei sett i verk 1. januar 2022. Det er bevilga midlar til utviklingsprosjekt, der kommunane samarbeider om å få på plass betre rekrutterings-, oppfølgings- og rettleiingstilbod, slik at fosterheimane får den støtta dei treng. Barne- og familiedepartementet lanserte i 2021 ein fosterheimsstrategi der målet var å rekruttere fleire fosterheimar, heve kvaliteten på oppfølginga av fosterheimar og sørge for betre og meir forutsigbare vilkår for fosterheimar. I tillegg lanserte Barne- og familiedepartementet i 2023 ein tiltaksplan for fosterheimsrekruttering med nitten tiltak som skal bidra til å rekruttere fleire fosterheimar. Tiltaksplanen skal bidra til at fleire fosterheimar møter behova til barn som venter på ein heim, og bidra til færre brot i eksisterande fosterheimar og til at fleire fosterheimar er positive til å ta på seg eit nytt oppdrag som fosterheim.
Bufdir er også i gang med å utarbeide faglege råd for rettleiing og oppfølging til fosterheim, og dessutan utvikling og utrulling av eit nytt opplærings- og oppfølgingsprogram for fosterfamiliar (Solid). I tillegg har Bufdir fått i oppdrag å vurdere og tilrå tiltak for styrking av oppfølging av fosterheim. Regjeringa arbeider med ei melding til Stortinget om fosterheim, som etter planen skal leggjast fram for Stortinget i 2024. I dette arbeidet vil ein mellom anna sjå på dei økonomiske rammene for fosterfamiliar, som pensjon, godtgjering og betre oppfølging av fosterheimar.