Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:554 (2023-2024)
Innlevert: 29.11.2023
Sendt: 29.11.2023
Besvart: 06.12.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa har nyleg bestemt at den nye etaten for eksportkontroll skal lokaliserast til Oslo-regionen (Fornebu, 35 minutts spasertur frå Oslo sentrum).
Kan kommunal- og distriktsministeren gjere greie for kvifor Bergen vart valt vekk som lokaliseringsalternativ, og korleis denne avgjerda heng saman med regjeringa sine retningsliner om at nye statlege arbeidsplassar som hovudregel skal plasserast utanfor hovudstadsområdet?

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa meiner at statlege arbeidsplassar bør vere spreidde geografisk og kome heile landet til gode. I tråd med retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon, er det det einskilde fagdepartement sitt ansvar at retningslinjene blir følgde i lokaliseringssaker. Fagdepartementa er og ansvarlege for å gjere det endelege vedtaket om lokalisering. Forslag om å etablere eller flytte statlege verksemder til Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane skal alltid leggjast fram for regjeringa, med fagdepartementet si anbefaling og tilråding. I denne saka er det Utanriksdepartementet som har vurdert lokaliseringa av den nye etaten for arbeidet med eksportkontroll og sanksjonar. Kommunal- og distriktsdepartementet si rolle i slike saker er å rettleie fagdepartementa i tråd med retningslinjene.