Skriftlig spørsmål fra Ove Trellevik (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:664 (2023-2024)
Innlevert: 11.12.2023
Sendt: 11.12.2023
Besvart: 18.12.2023 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Ove Trellevik (H)

Spørsmål

Ove Trellevik (H): Kan regjeringen redegjøre for, og lage en oversikt over nyetablering av statlige virksomheter og flytting av statlige arbeidsplasser ut av Oslo fra 1.11. 2021 til 11.12.2023 som er vedtatt av Støre regjeringen, med anslag av over antall arbeidsplasser, samt en oversikt over hvilke representanter styre, råd og utvalg medlemmer er blitt utnevnt/erstattet/utskiftet i og hvor de som bekledde rollen kom fra dvs. region/fylke, og hvor de nye som ble utnevnt kom fra (region/fylke)?

Begrunnelse

Vi kan ikke leve av statlige arbeidsplasser, men det er viktig at vi har en god fordeling av dem rundt omkring i landet. En aktiv statlig lokaliseringspolitikk skal bidra til å styrke regionale arbeidsmarkeder og skape nye muligheter både for folk og lokalsamfunn. Solberg regjeringen ville lokalisere nye offentlige kompetansearbeidsplasser over hele landet, også utenfor de største byene. Ny statlig virksomhet skulle som hovedregel etableres utenfor Oslo og sentrale kommuner i Oslo-området. Solberg regjeringen flyttet og nyetablert mer enn 1230 statlige arbeidsplasser utenfor Oslo-regionen. Vi ser at Støre regjeringen gjør det stikk motsatte, nå sist ved etablering av nytt eksportkontroll organ.
Det er også grunn til å tro at selv om Oslo regionen er overrepresentert mhp. kompetansearbeidsplasser og kompetanse tilknytt universitet og høyskoler, så er det en betydelig kompetanse også alle andre steder i landet. Det er viktig og riktig at erfaringer fra hele landet blir godt representert i ulike regjeringsoppnevnte styre, råd og utvalg.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Vedlagt er ei oppdatert oversikt over avgjerder etter lokaliseringsretningslinjene gjennomført av Støre-regjeringa. Denne regjeringa har endra retningslinjene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon. Dei nye retningslinjene slår fast at ein alltid skal vurdere minst eit alternativ i ein middels eller lite sentral kommune når ein vurderer kvar ei verksemd skal lokaliserast. Det klare målet er å leggje til rette for at statlege arbeidsplassar kan styrke fleire regionale arbeidsmarknader og bidra til ein jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar i Noreg.
Dette er ikkje eit fullt oversyn over alle etableringar og flyttingar i statleg sektor. Det er til dømes berre om lag 30 prosent av statlege arbeidsplassar som er omfatta av retningslinjene. Departementet gjer og merksam på at disse tala er omtrentlege og eit overslag som bygger på informasjon frå sektordepartementa på tidspunktet avgjera blei treffen. Tala inneheld og informasjon om arbeidsplassar som det er avgjort skal flyttast over noko tid. Det faktiske talet på arbeidsplassar i den einskilde sak kan derfor avvike frå oversikta.
Om ein legg oversikta til grunn, har den sittande regjeringa sidan oktober 2021 avgjort lokalisering og etablering av om lag 50 statlege arbeidsplassar utanfor Oslo i tråd med retningslinjene. Av desse er om lag 45 nyetableringar.
I tillegg til tala presentert ovanfor, opprettar regjeringa i 2023 ni nye tenestestader for politiet. Dei er oppretta for blant anna å gi meir tilgjengeleg politi for folk i heile landet. To av disse (Hvaler og Stranda) er berre operative i sommarsesongen, og dei er derfor ikkje tatt med her. For fem av dei nye tenestestadene er det stilt krav om ei bemanning på minst fem årsverk på kvar stad. I tillegg er to eksisterande tenestestader tilført fleire ressursar. Disse sju tenestestadene inneber ei auking av statleg sysselsette utanfor Oslo på til saman 31 arbeidsplassar. Stillingane fordel seg slik:

1. Engerdal (5 årsverk)
2. Meråker (5 årsverk)
3. Salangen (5 årsverk)
4. Sigdal (5 årsverk)
5. Steigen (5 årsverk)
6. Seljord (4 årsverk)
7. Hitra (2 årsverk)

Ei føresetnad for tildelingane av midlar til opprettinga av desse stillingane, var at dei ikkje skulle skje på kostnad av stillingar andre stader. Aukinga på eitt politikontor inneber dermed ikkje ein tilsvarande nedgang i tilgrensande politidistrikt.
Vedlagt er også ei oversikt over representantar og medlemmar utnemnt til styrer, råd og utval av kommunal- og distriktsministeren og Kommunal- og distriktsdepartementet i tidsperioden 1.11.2021 til 11.12.2023, med informasjon om kor kvar einskild medlem/representant kjem frå.

Vedlegg i pdf-format