Alfred Jens Bjørlo (V): Vil klima- og miljøministeren oppmode Ap/Sp-leia Stad kommune og andre kommunar som planlegg å bygge ut myrområde for å gjennomføre offentlege byggeprosjekt om å stoppe planane om nedbygging av myr og gjennomføre utbyggingane på andre måtar, jamfør forslag frå Miljødirektoratet i desember 2023 om nasjonalt forbod mot nedbygging av myr og NRK si avdekking i januar 2024 av det enorme omfanget av ukontrollert nedbygging av sårbar natur i Noreg?
Begrunnelse
Stad kommune i Vestland planlegg å bygge ny brannstasjon i kommunedelsenteret Selje. Kommunen har i samband med det vurdert fleire ulike lokaliseringsalternativ. Fleirtalet i kommunestyret, mellom anna Senterpartiet og Arbeiderpartiet, vedtok i desember 2023 å gå vidare med planer om å lokalisere brannstasjonen på eitt av dei få gjenverande myrområda sentralt i Selje, Hamremyrane.
Mindretalet i kommunestyret ønskte i staden, etter framlegg frå Venstre, å få utgreidd alternativ lokalisering på eitt av dei andre mulige områda som brannstasjonen kan lokaliserast på, mellom anna fordi nedbygging av myr er særs uheldig i eit klima- og miljøperspektiv og at Miljødirektoratet nylig har foreslått eit nasjonalt forbod mot nedbygging av myr.
Klima- og miljøministeren sa på NRK Politisk kvarter 8/1 at vi må slutte å bygge ned urørt natur for å realisere offentlige byggeprosjekt rundt om i landet, og at han er sikker på at det er noko alle kommuner ser og ønsker å bidra til. Det ville vere fint om Klima- og miljøministeren kan stadfeste at det er eit tydeleg råd han på vegne av Ap/Sp-regjeringa også vil gi til sine partifeller i Ap og Sp i Stad kommune.