Skriftlig spørsmål fra Bård Ludvig Thorheim (H) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:909 (2023-2024)
Innlevert: 13.01.2024
Sendt: 15.01.2024
Besvart: 19.01.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Bård Ludvig Thorheim (H)

Spørsmål

Bård Ludvig Thorheim (H): Hva er befolkningsutviklingen i Nord-Norge hittil under Støre-regjeringen a) uten innvandring, b) med innvandring, og c) med innvandring unntatt ukrainske flyktninger?

Begrunnelse

Befolkningsutviklingen har vært svakere i Nord-Norge enn i resten av landet over lengre tid. Under Solberg-regjeringen var det en befolkningsvekst på kun 5783 over 8 år ifølge SSBs tall, en periode hvor den økonomiske veksten var relativt sterk i nord.
Innvandring spiller en viktig rolle for å forstå demografiske utviklingstrekk. Siden 2022 har det blitt bosatt mange ukrainske flyktninger i Norge, mange av dem i Nord-Norge. Siden mange av dem ikke vil bli værende permanent i Norge er det relevant å skaffe en oversikt over hvordan befolkningsutviklingen ville vært i Nord-Norge uten tilveksten av ukrainske flyktninger.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: a) Utan innvandring ville Nord-Noreg i perioden 1. januar til og med 3. kvartal 2023 hatt ein nedgang i folketalet på 7 483 personar, eller 1,6 prosent. Nord-Noreg har i lang tid vore avhengig av innvandring for å få folketalsvekst, og vi må tilbake til 1994 for å finne eit år landsdelen ville hatt vekst i folketalet utan innvandring. At det har vorte fleire innvandrarar påverkar også folketalsutviklinga gjennom innanlands flytting, og flyttinga frå Nord-Noreg blir i aukande grad prega av innvandrarar som flyttar vidare til andre delar av landet.
b) Med innvandring har Nord-Noreg hatt ein vekst på 4 179 personar frå 1. januar 2022 til og med 3.kvartal 2023. Dette er ein lågare vekst i folketalet enn for landet sett under eitt (0,9 prosent mot 2 prosent for landet), men Nord-Noreg ligg i 2023 an til å få den høgaste veksten på 10 år. Eg finn frå tala frå SSB at Nord-Noreg i dei åtte åra under regjeringa Solberg (1.januar 2014 til 1.januar 2022) hadde ein vekst i folketalet på 3 789 personar, eller 0,8 prosent.
c) Ettersom SSB ikkje publiserer kvartalstal med landbakgrunn på regionalt nivå, har vi så langt berre oversikt over korleis ukrainarar påverkar folketalsutviklinga i Nord-Noreg i 2022. Utan ukrainarar ville folketalet i Nord-Noreg hatt ein nedgang på 2 565 personar, eller 0,5 prosent i 2022. Med ukrainarar hadde Nord-Noreg i 2022 ein vekst på 1 610 personar, det vil seie 0,3 prosent.
Alle tal i svaret er henta frå SSB.