Ingrid Fiskaa (SV): Kan utanriksministeren svara på om Ukraina har sagt dei vil granska påstandane om at dei har brukt antipersonellminer, og vil regjeringa følgja opp dette spørsmålet overfor Ukraina i anten det neste intersesjonelle møtet eller tilsynskonferansen som finn stad seinare i år i Kambodsja?
Begrunnelse
Human Rights Watch (HRW) har rapportert at Ukraina har brukt antipersonellminer.
Eg viser til svaret frå utanriksministeren til Redd Barna av 13. mars 2023, der han skriv at Noreg er medlem av komiteen for overvaking av Minekonvensjonens etterleving, at denne komiteen hadde sett i gang ein prosess for oppfølging av rapporten frå Human Rights Watch overfor Ukraina, og at ein forventa at Ukraina rapporterte om saka til konvensjonens intersesjonelle møte i juni 2023.
Av rapporten frå Commitee on Cooperative Compliance som blei lagt fram på statspartsmøtet i november 2023 kan me sjå at komiteen har hatt dialog med Ukraina om rapporten frå HRW, men det går ikkje fram av denne rapporten om Ukraina har sagt at dei vil granska påstandane frå HRW i tråd med forpliktingane deira etter konvensjonen.