Liv Kari Eskeland (H): Vil statsråden ta initiativ overfor Statens vegvesen for å få fortgang i å godkjenne 2 tonns tilleggs-vekt på 4-aksla el-lastebilar dersom det kan dokumenteres at akselavstanden fra første til siste aksel ikkje medfører at akseltrykket utgjer ein større belastning på veg eller bruer enn det ein 3 aksla tippbil med to tonn tilleggsvekt gjer?
Begrunnelse
Vi viser til svar på spørsmål Dokument nr. 15:1323 (2023-2024). Her viser statsråden til at:
"4-akslede kjøretøy med totalvekt over de 32 tonn som i dag tillates for 4- akslede motorvogner, gir høy belastning på et større antall eldre bruer i det offentlige veinettet, ... Høy totalvekt fordelt over en kort lengde gir en stor og konsentrert trafikklast som er av særlig betydning for bruenes bæreevne."
og videre
"Utfordringene med brubelastning kan reduseres med krav om tilstrekkelig avstand fra første til siste aksel."
I dag køyrer 4-aksla lastebilar i all hovudsak på BK10/50 veg. Dei har ein akselavstand frå første til siste aksel som er meir enn 5,80 m (Regelverket i forskrift om bruk av kjøretøy ( § 5-4 nr. 2 tabell 2)). Om ein har 3-aksla tippbil med 2 tonn tilleggsvekt som gjev 28 tonn totalvekt, eller 4-aksla tippbil med 2 tonn tilleggsvekt som gjev 34 tonn totalvekt (som har ein akselavstand frå første til siste aksel på 7,05 m som er 1,97 m meir enn minimumskravet på 5,80 m) gjev det ein lik aksellast mellom ein 3-aksla tippbil og ein 4-aksla tippbil. Slik vi forstår det, er antal akslingar viktig for fordelinga av vekt på vegar og bruer. Slik desse bilane er konstruert, forstår vi det då slik at for vegen vert belastninga lik. Vidare merkar vi oss at totalvekt for vogntog er 50 tonn og for modulvogntog 60 tonn. Desse har same aksellast som 3- og 4-aksla lastebilar over dei same bruene.