Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:1831 (2023-2024)
Innlevert: 22.04.2024
Sendt: 22.04.2024
Besvart: 29.04.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Våren 2023 ba Stortinget regjeringa endre dei statlege retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar slik at større byar utanfor Oslo-regionen ikkje lenger står på same «fyliste» som Oslo. Per april 2024 er det enno ikkje gjort. I svar til underteikna i spørjetimen 10/4 svarte Kommunal- og distriktsministeren: «Når det gjeld ordlyden i retningslinjene, og no registrerer eg at Stortinget har gjeve ei klar uttale på det også, skal eg sjølvsagt følgje opp det som Stortinget ber om.»
Når og korleis vil det skje?

Begrunnelse

Regjeringa endra i 2022 dei statlege retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar slik at større byar i andre landsdelar enn det sentrale Austlandet kom på same «fy-liste» som Oslo. Våren 2023 bad Stortinget regjeringa endre dette tilbake til slik retningslinene var før - altså at omgrepet "andre større byar" utanfor Oslo-regionen ikkje skal stå på fy-lista på linje med Oslo, slik det er no. Per april 2024 er det enno ikkje gjort, noko også Kontrollkomiteen på Stortinget nylig har påpeika og bedt regjeringa følgjer opp.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: I dag er staten i stor grad lokalisert i sentrale område i landet. Frå 2013 og framover har staten blitt endå meir sentralisert. Det betyr at dei minst sentrale kommunane har fått vesentleg færre statleg sysselsette, mens veksten har vore sterkast i dei mest sentrale kommunane. Tanken bak å endre retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon var å bidra til å endre dette. Den nye formuleringa blei at nye og omlokaliserte statlege verksemder som hovudregel ikkje skal lokaliserast i Oslo, sentrale kommunar i Oslo-området eller andre av dei største byane.
La meg understreke at retningslinene ikkje utelukkar lokalisering i verken Oslo eller andre av dei større byane dersom det er sterke grunnar for det. Regjeringa har òg lokalisert statlege arbeidsplassar til Trondheim, med kyrkjebevaringsfondet; til Tromsø, gjennom det nye investeringsfondet; og seinast no til Bergen, i samband med eit nytt senter for dataspelkultur.
Det stemmer at eg i spørjetimen den 10. april svarte stortingsrepresentant Bjørlo som referert, dette gjentok eg i debatten i Stortinget den 25. april om Innst. 239 S (2023-2024) frå kontroll- og konstitusjonskomiteen om Anmodnings- og utredningsvedtak i stortingssesjonen 2022–2023.
Det er viktig å varetake krava til utgreiing og prosess, òg for at Stortingets vedtak skal få dei ønskte resultata, utan at ein får utilsikta konsekvensar. I ei avveging mellom å svare ut eit vedtak raskt eller med høveleg kvalitet, meiner eg at det ved dei fleste høve er betre å bruke litt meir tid på å få ei god oppfølging av vedtaket.
Eg håper difor på forståing for at eg treng noko tid på å finne ein høveleg måte å følgje opp Stortinget på. Eg vil kome attende til Stortinget med saka så snart eg har bestemt meg både for når og korleis dette vil skje.
Fram til den tid gjeld dei noverande retningslinene for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon med tilhøyrande rettleiing og praktiseringa av desse.