Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:1981 (2023-2024)
Innlevert: 06.05.2024
Sendt: 06.05.2024
Besvart: 14.05.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Kommunane tilknytt UNESCO Vestnorsk fjordlandskap og Lofotrådet har utarbeidd forslag til løysingar for utprøving av besøksbidrag i verdsarvfjordane og Lofoten. I desember 2021 ba dei Næringsdepartementet om å få starte pilottesting, forankra i Nasjonal Reiselivsstrategi 2030 og Hurdalsplattformen.
Vil næringsministeren sørge for at UNESCO Vestnorsk fjordlandskap og Lofotrådet får eit snarleg dialogmøte med NFD i forkant av departementet sitt varsla lovforslag som skal ut på høyring over sommaren, slik dei no har bedt om?

Begrunnelse

Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Nordland fylkeskommune, kommunane Aurland, Lærdal, Vik, Voss Herad, Stranda og Fjord, Lofotrådet og kommunane Røst, Værøy, Moskenes, Flakstad, Vestvågøy og Vågan har i fellesskap bedt om eit slikt møte i brev til Nærings- og fiskeridepartementet dagsett 5. mai 2024.
Bakgrunnen for anmodinga er at regjeringa skriv i pressemelding om besøksbidrag dagsett 31. januar 2024 at regjeringa og NFD vil inkludere næringslivet og kommunane i det videre arbeidet. I tidslinja for det vidare arbeidet står det i pressemeldinga at regjeringa vil «..sende forslagene på høring over sommeren», og at regjeringa vil «..invitere næringsliv og kommuner til dialog og samarbeid om det videre arbeidet med lovforslaget».
Det er denne dialogen og samarbeidet med departementet som Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap og Lofotrådet saman med sine samarbeidspartnarar no ønskjer å kome i gang med, med i forkant av at departementet presenterer eit ferdig lovforslag.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Det er viktig for regjeringa å satse på reiselivsnæringa. Regjeringa vil leggje til rette for ei reiselivsnæring som er konkurransedyktig, har stadig lågare klima- og miljøavtrykk, respekterer naturen og lokalsamfunna sine tålegrenser, og fører til lønnsame heilårsarbeidsplassar og attraktive reisemål over heile landet. Reiseliv er også den femte satsinga i eksportreforma til regjeringa «Heile Noreg eksporterer».
Det er viktig å sikre god sameksistens mellom tilreisande og lokalbefolkninga. Regjeringa sitt mål om eit meir berekraftig reiseliv kan innebere nye modellar for besøksstyring og finansiering av reiselivsrelaterte fellesgode. Dersom turistane bidrar meir til spleiselaget, kan kommunane legge betre til rette for både tilreisande og lokalbefolkning.
Regjeringa tar tak i dette og er er allereie i gang med å utarbeide eit høyringsframlegg der målet er at kommunane skal få eit juridisk handlingsrom til å kunne innføre eit lokalt besøksbidrag. Arbeidet er ei oppfølging av Hurdalsplattforma. Som varsla i Veikart for reiselivsnæringen, kan løysinga basere seg på påslag på overnatting i kombinasjon med a) parkeringsbetaling og cruisepassasjeravgift, og/eller b) dagsbesøksavgift.
I motsetnad til tidlegare regjeringar har vi teke tak i dette. Vi er i gang og har som mål å få på plass nye ordningar. Sidan dette er nybrottsarbeid, inneber det ein del arbeid og må vi gjere dette rett. Konsekvensane av framlegget må difor utgreiast ytterlegare før det blir sendt på offentleg høyring.
I den samanhengen vil departementet involvere aktørane på høveleg måte. Når det gjeld brevet det blir vist til i spørsmålet frå stortingsrepresentanten, vil departementet handsame dette på same måte som andre førespurnader til departementet.
Eg veit det er stort engasjement om arbeidet, og vi skal ha god dialog med kommunar og næringsliv om korleis forslaget kan utformast best mogleg.