Alfred Jens Bjørlo (V): Pasientar som treng rehabilitering i spesialisthelsetenesta melder no i aukande grad om at dei får avslag.
Har det skjedd ei omlegging eller innskjerping i dagens praksis for kven som får rehabilitering i spesialisthelsetenesta, og er talet på pasientar som får avslag aukande?
Begrunnelse
I følgje Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator (Kapittel 4: Habilitering og rehabilitering i spesialisthelsetjenesten), skal dei regionale helseføretaka sørge for at personar med mellom anna kroniske og komplekse sjukdommar får nødvendig habilitering og rehabilitering i spesialisthelsetenesta.
No melder stadig fleire pasientar og rehabiliteringsverksemder om aukande grad av avslag på rehabiliteringsopphald i spesialisthelsetenesta. Det er dei regionale vurderingseiningane i RHF-ane som behandlar tilvisingane frå fastlegane. Pasientane blir i staden viste til kommunale tilbod. Som Riksrevisjonens rapport som vart behandla i Stortinget nylig viser, er dei kommunale tilboda svært mangelfulle. I realiteten står dermed mange pasientar som får avslag på spesialisert rehabilitering utan eit rehabiliteringstilbod. Det går ut over mulegheitane deira til å meistre eit liv med sjukdom, halde oppe eller vinne tilbake funksjonar. Det vil i sin tur gjere det vanskelegare for dei å kome tilbake til arbeid eller til å stå i arbeid. Trongen for ytterlegare kommunale helse- og omsorgstenester aukar, og pårørande vil ofte oppleve ei auka belasting.