Sofie Marhaug (R): Når ser statsråden for seg at vi kan få eit vernevedtak for Sognefjorden, og stiller staten opp med nok forskingsmidlar og -ressursar som eit slikt vedtak krev?
Begrunnelse
Sogn Avis har i ein artikkelserie skrive om «Mysteriet Elida», om dødsfallet til kvalen Elida. Det er uklårt kva som er årsaka, men det blir spekulert i samanhengar som for lite mat eller miljøgifter i fjorden.
Marianne Nilsen, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, seier følgande til avisa:
«Eg trur mange vil bli overraska over kor lite me veit om Sognefjorden. Av og til får eg nesten dårleg samvit.» (Sogn Avis, 31.3.2024)
Mangelen på kunnskap om verdas største isfrie fjord, er eit gjennomgangstema i artikkelserien, og dessutan noko som frustrerer forskarar og lokale innbyggarar.
Samstundes veit vi at Sognefjorden er ein av fleire fjordar som er føreslege verna av Miljødirektoratet. Ifølgje Statsforvaltaren i Vestland fylke ser ein for seg at eit vedtak om vern kan kome tidlegast i 2026, sjølv om direktoratet har bedt om at dei skal skunde seg.