Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til statsministeren

Dokument nr. 15:2163 (2023-2024)
Innlevert: 30.05.2024
Sendt: 31.05.2024
Rette vedkommende: Næringsministeren
Besvart: 07.06.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan det bes om ei oversikt over reiser statsministeren har foretatt på Vestlandet for konkret å vitje næringsliv og bedrifter samanlikna med tilsvarande reiser i resten av landet (gjerne delt opp i regionar)?

Begrunnelse

Statsministeren har ved fleire høve uttalt at Vestlandet må lukkast for at Noreg skal lukkast. Næringslivet på Vestlandet er i verdsklasse, og står i ei stor omstilling. Likevel har regjeringa påført desse stor uvisse ved å påføre store skatteaukar og brå endringar i rammevilkår. Samstundes har regjeringa i sitt framlegg til NTP ikkje lagt tilrette for at næringslivt skal få på plass eit av dei mest samfunnsnyttige vegprosjekt som vil knyte dei to Vestlandsbyane Bergen og Stavanger saman. Det er difor grunn til å undre seg over om Statsministeren har god nok kjennskap til vestlandet og dei behov ein har for å greie dei store utfordringane som næringslivet står overfor.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Statsministeren har bedd meg om å svare på dette spørsmålet. Statsministeren reiser mykje rundt i heile landet vårt. På desse reisene får han verdifulle innspel til regjeringas politikk. Han fører ikkje detaljerte statistikkar over desse reisene, men han opplyser at om lag ein femtedel av reisene i Noreg har gått til Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. Han har besøkt mange av verksemdene på Vestlandet, og fått innspel frå tilsette, tillitsvalde og lokalpolitikarar både på desse reisene og på andre arenaer.
Regjeringas mål i den økonomiske politikken er å få ned prisveksten, halde arbeidsløysa låg og gje norske verksemder økonomisk tryggleik. Vi ser no at norsk økonomi har klart seg godt gjennom ein usikker periode, og vi ser ut til å vere ved eit vendepunkt der folk får auka kjøpekraft og betre kvardagsøkonomi.
Regjeringa fører ein aktiv næringspolitikk, og vi ser at det fører til resultat:

• Vi har rekordhøge investeringar i norsk næringsliv. Aldri før har norske verksemder investert meir.
• Vi har også eit næringsliv med rekordhøg lønsemd. Næringslivets overskot har auka med meir enn 100 milliardar kroner på to år.
• Etter at denne regjeringa overtok, har over 140 000 fleire kome i arbeid. Om lag 90 prosent av desse er i privat sektor.
• Noreg har også rekordhøg eksport. I løpet av 2023 var eksporten i løpande prisar 30 prosent høgre enn i 2021, nær 2 500 milliardar kroner.

Tala viser at regjeringas politikk gjev resultat. Vi prioriterer trygg og ansvarleg styring og sørger for stabile rammevilkår. Ser vi bort frå mellombelse, men naudsynte skattegrep i ei uroleg tid, er det berre innføring av grunnrenteskattar og klimaavgifter som har auka for verksemdene. Og begge delar er både rimeleg og rett: Verksemder som nyttar seg av fellesskapens ressursar bør gje litt ekstra tilbake, og vi vil at det skal løne seg å ta klimavenlege val. Selskapsskatten har lege fast.
Vestlandet er viktig for norsk økonomi i dag. Om lag 40 prosent av eksporten utanom olje og gass i 2023 var i Vestland, Rogaland, og Møre og Romsdal.
Saman med verksemdene i Nord-Noreg, er det verksemdene på Vestlandet som er mest positive til dei økonomiske utsiktene. Veksten i sysselsettinga er også sterkast på Vestlandet, det er eit klart teikn på eit næringsliv som satsar på ei framtid i regionen.
Næringslivet i Vestlandet har ei nøkkelrolle i den omstillinga vi står midt oppe i, og regjeringa har ein politikk for at vi skal lukkast med omstillinga. Regjeringa legg til rette for eit næringsliv som kuttar klimagassutslepp, får fleire i jobb og skapar verdiar som kan fordelast til fellesskapen. På Vestlandet og elles i landet.