Skriftlig spørsmål fra Anne Kristine Linnestad (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:2196 (2023-2024)
Innlevert: 03.06.2024
Sendt: 04.06.2024
Besvart: 13.06.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Anne Kristine Linnestad (H)

Spørsmål

Anne Kristine Linnestad (H): Har regjeringen igangsatt denne vurderingen og vil regjeringen eventuelt øke utdanningskapasiteten innen studiestart 2025?

Begrunnelse

I regjeringens «Nasjonale mål for vann og helse med gjennomføringsplan» står det at HOD, KLD og KD skal vurdere å øke utdanningskapasiteten av fagarbeidere/driftsoperatører og ingeniører/sivilingeniører innen vann- og avløp, innen 2025, samtidig som vi allerede ved at det er stor mangel på kompetente fagfolk i hele landet og på de aller fleste nivå.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Dei nasjonale måla for vatn og helse er reviderte, og Nasjonale mål for vann og helse med gjennomføringsplan inneheld ein tverrsektoriell gjennomføringsplan med hovudtiltak for å oppnå måla. Arbeidet er initiert og leia av Helse- og omsorgsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet. Nokre av tiltaka vedkjem Kunnskapsdepartementet, blant anna å vurdere utdanningskapasiteten innanfor fagområde som er relevante for vatn og avløp.
Demografien og andre samfunnsendringar gjer at Noreg i åra framover vil få mangel på folk med høg kompetanse. Samtidig er det varsla at handlingsrommet blir mindre i dei komande budsjetta, og vi må prioritere tydelegare. Regjeringa har derfor i Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge peika på at vi vil prioritere følgande i utdannings- og kompetansepolitikken framover, både i dimensjonering av det yrkesfaglege tilbodet og høgare utdanning:

- kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv
- kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre det grøne skiftet
- kompetanse som er nødvendig for å ha gode velferdstenester i heile landet og for å handtere den demografiske utviklinga, balansert opp mot behovet for arbeidskraft i andre sektorar i samfunnet
- å kvalifisere og mobilisere fleire av dei som står utanfor arbeidslivet.

I stortingsmeldinga er det lagt vekt på ansvaret institusjonane har for å dimensjonere utdanningane. Dei sentrale styresmaktene har eit ansvar for den samla utdanningskapasiteten og har løyvd midlar til studieplassar til institusjonane for å støtte opp under auka kapasitet i høgare utdanning.
Det einskilde universitetet og den einskilde høgskulen har ansvar for å dimensjonere studieporteføljane i tråd med både studiesøkinga og arbeidsmarknadsbehova.
Det er fylkeskommunen som dimensjonerer fagskoletilbodet og tilbodet i vidaregåande opplæring. I dimensjoneringa legg fylkeskommunen vekt på behovet i arbeidslivet for kompetanse og søkarane sine ønske.
Eg har tillit til at institusjonane gjer gode vurderingar av dette, også i god dialog med næringsliv, kommunar, helse- og velferdstenester og andre sentrale aktørar. Samtidig tar det tid for institusjonane å auke eller redusere utdanningskapasiteten og dei må ta omsyn til blant anna søkartal, kapasiteten i fagmiljøa og tilgang på lokale.
Ein betydeleg auke i utdanningskapasiteten er også eit budsjettspørsmål. Kunnskapsdepartementet vurderer i dei årlege budsjettprosessane mogleg behov for midlar til fleire studieplassar i tråd med kompetansebehova i samfunnet.