Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2294 (2023-2024)
Innlevert: 13.06.2024
Sendt: 14.06.2024
Besvart: 21.06.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Hva gjør statsråden for at barn og unge som er under omsorg av barnevernet skjermes fra forsøk på rekruttering til kriminalitet?

Begrunnelse

Det vises til oppslag på TV2 datert 13.06 d.å. «Politiet: Disse står på «soldatlista» til kriminelle».
Artikkelen beskriver hvordan spesielt barnevernsinstitusjoner brukes som rekrutteringsarena for kriminelle miljøer og organisasjoner.
Noen kriminelle ungdomer blir selv plassert på barnevernsinstitusjoner. Der kommer de i kontakt med andre barn og unge. En del av disse har ulike utfordringer, slik som rus. Det gjør dem sårbare for rekruttering til kriminalitet.
Fagfolk som er intervjuet sier at dette er en problemstilling de har vært kjent med «i mange, mange år». Det bør derfor være godt kjent for statsråden og underliggende fagetat.
https://www.tv2.no/nyheter/innenriks/politiet-disse-star-pa-soldatlista-til-kriminelle/16762346/

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Det er svært urovekkande det Troms politidistrikt varsla om 13. juni. Ein bekymringsfull auke og trussel frå svenske kriminelle nettverk i Nord-Noreg, og at barn og unge kan rekrutterast inn i dei kriminelle gjengmiljøa. Det vert også vist til at sosiale media gjer at det sprer seg, og at «barnevernsinstitusjonar flyttar tunge kriminelle ungdommar frå ein del av landet til ein annan del av landet. Det er med på å rekruttera lokalt» (TV2, 14. juni).
Eg er einig med spørsmålsstillaren om at barn og unge under omsorg av barnevernet skal skjermast frå rekruttering til kriminalitet. Samstundes er det også slik at barn som får plass på institusjon, ofte er sårbare og har med seg traume som gjer at dei kan vere ekstra utsette, både for rekruttering til rus og kriminalitet, om dei ikkje får god hjelp og utviklingsstøtte. Det inneber også at dei må bli skjerma mot skadeleg påverknad.
Eg viser også til Institusjonsstrategien (Vårt felles ansvar- ny retning for barnevernets institusjonstilbod) til regjeringa, som viser ei ny retning for institusjonsbarnevernet, som vil kunne gjere det enklare å førebyggje slik negativ og skadeleg påverknad. Barn skal oppleve normalitet, barn skal sleppe å flytte langt og ofte, og barn skal få god utviklingsstøtte og helsehjelp. At barn i mykje større grad må få institusjonstilbod i eigen region, vil også bidra til å minske utfordringane med tanke på at det i enkelte delar av landet er svært stor konsentrasjon av barnevernsinstitusjonar, noko som kan forsterke negativ utvikling.
Målet er at alle i barnevernsinstitusjonar skal få eit heilskapleg og individuelt tilpassa tilbod som gir støtte til positiv utvikling. Før barn flyttar til institusjon, blir det difor gjennomført ei kartlegging både av barnets ressursar og av risiko for utvikling av varige problem, som kriminalitet. Barn med høg risiko for negativ utvikling skal ikkje bu saman med ungdommar som kan vere sårbare for negativ påverknad. Eit anna føremål med kartlegginga er å tilpasse behandlinga, då barn med høgare risiko ofte har behov for forsterka utviklingsstøtte. Institusjonane bruker ulike faglege metodar for å møte behovet til barna. Institusjonane jobbar for å tilby barna størst mogleg grad av normalitet og for å førebyggje utanforskap, med til dømes deltaking på skule og i aktivitetar.
Ulike sosiale medium er ei kjelde for kontakt og informasjon for barn, og opnar også for ei brei, sosial kontaktflate. Dette kan i nokre høve misbrukast. For å gi barn som bur på institusjon betre digitalt vern mot dei negative sidene ved sosiale medium, har eg sendt på høyring forslag til endringar i barnevernslova. Forslaga tydeleggjer institusjonane sin rett og plikt til å avgrense barnas bruk av internett og kommunikasjonsmiddel. Dette følgjer av det omsorgsansvaret ein institusjon har. Eg har også sendt på høyring forslag til ei ny føresegn som vil gi institusjonane tilgang til å gjere vedtak om innsyn i den elektroniske kommunikasjonen og aktiviteten til barnet. Institusjonen har også høve til å setje i verk andre avgrensingar når det er nødvendig for å gi barnet omsorg, vern og behandling. I tilfelle der det er vurdert at barnet ikkje bør bu saman med andre unge, kan einetiltak nyttast.
Det er viktig at arbeidet som blir gjort i institusjonane bidreg til å verne utsette barn mot å bli utnytta til kriminalitet. Førebygging av rekruttering til kriminalitet er ei utfordring som krev at ein samarbeider tett på tvers av sektorar. Politiet er ein viktig samarbeidspartnar for barnevernet. Det blir samarbeidd med politiet både på eit overordna nivå, på regionsnivå, og lokalt i form av konkrete samarbeidsavtalar mellom institusjonar og lokalt politi. Politi og barnevern samarbeider også i enkeltsaker. Politiet har moglegheit etter lovverket til å dele relevant informasjon med barnevernstenesta, der det er til barnets beste. Det er også viktig med eit godt samarbeid mellom Bufdir og Kripos, og eg er kjend med at det er etablert strukturar for å få til dette.
Det pågår mykje utviklingsarbeid på området. Hausten 2023 kom NOU 2023:24 Med barnet heile vegen med 50 forslag til tiltak som gjeld institusjonsbarnevernet. Regjeringa følgde våren 2024 opp med ein strategi med seks mål for institusjonsbarnevernet. Disse byggjer i stor grad på forslaga i NOU 2023:24. Departementet arbeider no med konkrete forslag til endringstiltak med sikte på å føreslå ei ny innretting av institusjonane for Stortinget. Dette vil inngå i den kommande kvalitetsreforma for barnevernet som regjeringa legg fram våren 2025.