Alfred Jens Bjørlo (V): Kva gjer statsministeren for å sikre reelt og raskt innsyn og offentlegheit i regjeringa sine pågåande prosessar med å knyte Noreg tettare på EU sitt klima- og miljøarbeid, jamfør mellom anna at det nylig vart kjend at store mengder dokument om Noreg sine klimaforhandlingar med EU først vart journalført av Klima- og miljødepartementet eit halvt år etter at saka vart ferdig behandla, og at media blir nekta innsyn i korrespondanse mellom Finansdepartementet og EU om den såkalla karbontollen (CBAM)?
Begrunnelse
I fjor (2023) forhandla den norske regjeringa med EU om å gjere viktige klimalover til del av EØS- samarbeidet. Det var ei rekke saker som hasta, mellom anna knytt til utviding av kvotehandelssystemet og at norske bedrifter skulle få vere med å konkurrere om midlar frå EUs hydrogenbank.
Nettstaden Energi og Klima dokumenterte nylig at meir enn 30 dokument frå forhandlingane i august-september i fjor først vart ført inn i postjournalen i mai-juni i år, altså meir enn eit halvt år etter at forhandlinga vart avslutta, og etter at Stortinget hadde handsama sakene.
Norsk Presseforbund seier om saka at:
«Dette er helt klart et brudd på kravene til journalføring – som skal skje fortløpende. Her har samfunnet gått glipp av viktig informasjon i postjournalen.» (Energi og Klima, 19. juni 2024)
Samtidig opplyser Energi og Klima at Finansdepartementet har avslått innsyn i samtlige dokument som handlar om regjeringa sin handsaming av EUs karbontoll (CBAM). Avslaga gjeld dokument som handlar om utgreiingar departementet har bedt om i Noreg, korrespondanse mellom norske departement, med Efta eller EU-organ.
CBAM-saka har potensielt store konsekvensar for norsk næringsliv. Både industrien og fagrørsla er heilt tydelege på at Noreg snarast mulig må koble seg på CBAM, og «det er et synspunkt mange i regjeringen deler», i følge Utanriksministeren i møte i Stortingets Europautval 10. juni. Samtidig veit vi at eitt av regjeringspartia, Senterpartiet, er imot CBAM.
Eg syner også til at Eldring-utvalet, som nylig la fram sin rapport der dei har utgreia røynslene med EØS-avtalen og andre relevante avtaler med EU dei siste ti åra, skriv følgande:
«Det grønne skiftet må forankres både politisk og i befolkningen, gjennom mer kunnskap, debatt og åpenhet.»