Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2541 (2023-2024)
Innlevert: 13.08.2024
Sendt: 14.08.2024
Besvart: 21.08.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Kan familieministeren redegjøre for status og videre fremdrift for arbeidet med å styrke rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet?

Begrunnelse

Barne- og familiedepartementet sendte i 2023, NOU 2023:7 Trygg barndom, sikker fremtid. Gjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet på høring.
I et skriftlig spørsmål fra undertegnede (Dokument nr. 15:3149 (2022-2023)) svarte familieministeren følgende:

"Som representanten tek opp har barnevernsutvalet i NOU 2023:7 kome med forslag til tiltak for å styrkje rettstryggleiken i barnevernet ytterlegare. Forslaga har no vore på høyring og er til behandling i departementet."

Dette er nå snart 1 år siden.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Regjeringa vil våren 2025 leggje fram ei kvalitetsreform i barnevernet. Kvalitetsreforma vil bli lagt fram for Stortinget som ein lovproposisjon med meldingsdel og vil ha både juridiske, økonomiske og pedagogiske verkemiddel. Denne meldinga vil omhandle fleire nye tiltak for å styrke rettstryggleiken for barn og foreldre i barnevernet.
Barnevernsutvalets NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid og høyringa av denne, er eit viktig grunnlag for kvalitetsreforma, både for lovforslag og andre tiltak. Departementet har denne våren hatt på høyring viktige forslag som er oppfølging av tilrådingar i Barnevernutvalet ( NOU 2023:7) og Barnverninstitusjonsutvalget (NOU 2023:24). Vidare framdrift for arbeidet er at departementet no vurderar alle innspela frå høyringa, og det vil i løpet av hausten bli teke politiske beslutning om endringar som leggast fram for stortinget i kvalitetsmeldinga.
Eg viser også til Meld. St. 29 (2023-2024) Fosterheim – ein trygg heim å bu i, som blei lagt fram for Stortinget 21. juni 2024. Nokre av forslaga i meldinga byggjer og på Barnevernsutvalets utgreiing.