Alfred Jens Bjørlo (V): Næringsministeren er på oppfordring frå undertegna positiv til å kalle inn til møte med sentrale aktørar i dagligvarehandelen for å få på plass tiltak som gjer det billigare for folk å velge frukt og grønt og følge kostholdsråda i butikken, i staden for at kjøtt systematisk blir brukt som lokkevarer solgt med milliardtap som i dag.
Er helseministeren enig at det er viktig for folkehelsa å få til ei slik omlegging i dagligvarehandelen, og vil han samarbeide med næringsministeren om å få eit slikt møte i stand så fort som mulig?
Begrunnelse
Konsernsjefen i ein av dei tre store dagligvarekjedene i Norge, Reitangruppen, opplyste i Podkasten «Innen 2030 med Hanne-Lene» (publisert 28. august 2024) at kjøtt blir seld med store tap og subsidiert med milliardbeløp i norske matvarebutikkar. Det gjer nødvendigvis at andre varer, som frukt og grønt, må seljast med høgare avanse og blir dyrare for forbrukarane enn nødvendig.
Praksisen med at kjøtt i stor skala blir brukt som lokkevarer og seld med milliardtap, mens sunne varer blir seld med høgare avanse for å dekke dette inn igjen, gjer det dyrt og vanskelig for folk flest å følge nye kosthaldsråd.
Eg spurde difor nylig næringsministeren om ho saman med helseministeren vil ta initiativ til eit møte med dei store daglegvarekjedene for å bli enige om korleis vi kan få slutt på denne praksisen (Dokument nr. 15:2641 (2023-2024)).
I sitt svar på mitt spørsmål uttrykker næringsministeren at ho er positiv til eit møte der dette blir diskutert, men presiserer at det må skje innanfor rammene av konkurranselova.