Skriftlig spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2865 (2023-2024)
Innlevert: 20.09.2024
Sendt: 20.09.2024
Besvart: 27.09.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): Hva vil statsråden gjøre for å sikre at kremasjon blir et reelt alternativ i alle kommuner?

Begrunnelse

I Trønder-Avisa 14.09 d.å. kommer det frem at Steinkjer krematorium, på grunn av miljøkrav, ikke har kapasitet til det reelle behovet. Derfor må mange kremasjoner utføres i andre kommuner (for tiden i Trondhjem). Dette medfører økt betaling for de etterlatte.
I Nordre Follo kommune må etterlatte betale 7-8 tusen kroner hvis de velger kremasjon. Samtidig er det kostnadsfritt å velge gravferd. Dette fordi Nordre Follo ikke har krematorium i kommunen og de etterlatte selv må bekoste transport til og fra krematoriet.
Jeg har selv besøkt krematoriet på Møllendal i Bergen for å lære mer om og å få innspill fra dem. Der påpekte de at det er uheldig at kremasjonsavgiften varierer såpass mye mellom ulike kommuner, og at enkelte må avstå fra den løsningen de ønsker for sine nærmeste av økonomiske hensyn. Kremasjonsavgiften bør reduseres og gjøres lik for alle, uavhengig av bostedskommune. Det bør også bygges flere krematorier for å få ned reisevei og kostnader.
Kremasjon kan åpne for løsninger som er langt mindre plasskrevende enn tradisjonelle begravelser. Det er derfor dårlig økonomisk politikk å kreve en så høy avgift på kremasjon all den tid flere gravsteder allerede har kapasitetsproblemer.
Flere partier, inklusive FrP, har tidligere tatt til orde for å tillate privat kremasjonsdrift. Det vil kunne hjelpe på kapasitet og kostnadsnivå.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Representanten reiser eit viktig spørsmål om kremasjon og at dette skal vere eit reelt alternativ i alle kommunar slik at alle kan velje gravferdsforma dei ynskjer, uavhengig av privatøkonomi. I spørsmålet blir det vist til både at det er kapasitetsproblem i nokre kommunar og at kommunar prioriterer ulikt når det gjeld å ta i bruk moglegheita som er i dagens lovverk om å innføre kremasjonsavgift. Kremasjonsavgifta blir fastsett av kommunen, sjå gravplasslova § 21 andre ledd. Vi har lokalt sjølvstyre, og kremasjonsavgifta kan difor variere mellom kommunane. NOU 2014:2 Lik og likskap foreslo å oppheve heimelen som kommunane har til å krevje kremasjonsavgift. Det forslaget vart ikkje følgd opp av Solbergregjeringa.
Vi har ikkje offentleg statistikk for kremasjonsavgifta. I gravplassundersøkinga til Hovudorganisasjonen KA frå 2023 kom det fram at det ikkje blir kravd kremasjonsavgift i 41 kommunar. Dette omfattar eit knippe store kommunar med mange avlidne per år. Den høgaste kremasjonsavgifta som blir kravd var 8400 kroner, men hovudvekta av kommunane har ei kremasjonsavgift mellom 4 000 og 8 000 kroner. Fordi mange kommunar subsidierer kremasjon, må ein skilje mellom kva krematoriet krev i betaling og kva dei etterlatne blir fakturert for tenesta. Dersom ein skal gjere noko med kremasjonsavgifta, må kommunesektoren kompenserast for eventuelt inntektstap
Eg vil no vurdere dette på nytt, og at dette må sjåast i samanheng med behovet for auka krematoriekapasitet. Med tilskot frå departementet har Hovudorganisasjonen KA nyleg utarbeida ein rapport om behovet for krematorium og kjølerom. Rapporten viser at både talet på dødsfall og talet på kremasjonar vil auke i åra som kjem. Det er difor behov for å auke krematoriekapasiteten. Rapporten blir viktig for departementet sitt vidare arbeid på dette feltet.
Eg vil opplyse om at etterlatte ikkje er nøydd å betale båretransport til krematoriet sjølv. NAV gir tilskot til båretransport utover 20 kilometer til næraste krematorium. Difor skal det vere mogleg å velje kremasjon uansett kvar i landet avlidne budde, sjå folketrygdlova § 7-3. Ein betre krematoriekapasitet i framtida, kan redusere behovet for lange båretransportar, det er viktig av ulike omsyn. Når det gjeld FRP sitt ønskje om at private skal byggje og drive krematorium, har ikkje dette til no vore ein praksis i Norge, sjølv om det ikkje ut frå lovverket er forbode. Eg meiner imidlertid det er naturleg at krematorium er eit offentleg ansvar og blir drive i offentleg regi, og at kommunar treng å samarbeide godt og planlegge i samen om behovet i sin region.