Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3003 (2024-2025)
Innlevert: 24.08.2025
Sendt: 25.08.2025
Besvart: 01.09.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Erling Sande (Sp): Kva meiner regjeringa er ein akseptabel kostnad for å sikre trygg og effektiv ferdsel rundt Stadt gjennom bygging av skiptunnelen, og vurderer regjeringa verkeleg å skrinlegge prosjektet på bakgrunn av kostnadsauke?
Stad skipstunnel er eit prosjekt som skal sikre små og mellomstore fartøy eit alternativ til å runde Stadhalvøya som er eit av Norskekysten mest krevjande havområder. Tunnelen vil gjere at skipstrafikken kan ha føreseieleg for framkomst, redusere belastning og auke tryggleik for mannskap og last. Prosjektet har vore arbeidd med over lang tid. Både kommunane og kystverket har brukt store summar for planlegging av Stad skipstunnel, men grunna kostnadsvekst har regjeringa varsla ny vurdering av saka.

Marianne Sivertsen Næss: Anbodsprosessen for Stad skipstunnel er lagt opp som ein konkurranse med forhandlingar. Ved frist 10. juni, vart det levert inn tre tilbod, og desse tilboda er no til vurdering.
Av konkurransemessige omsyn har ikkje Kystverket oppgitt detaljerte opplysningar om innkomne tilbod, men det har vorte kjent at innkomne tilbod ligg over kostnadsramma som Stortinget har vedteke.
Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om oppfølginga av prosjektet Stad skipstunnel i samband med framlegginga av forslag til statsbudsjett for 2026.