Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1023 (2012-2013)
Innlevert: 18.03.2013
Sendt: 19.03.2013
Besvart: 26.03.2013 av kulturminister Hadia Tajik

Laila Reiertsen (FrP): Vil statsråden sjå på og eventuelt endra forskrifter om fjernsynsmottakarar ved for mykje betalt lisens?
I Bergens Tidende nettutgåve kan ein den 17. mars i år lese om ein pårørande som ikkje får attende lisenspengar på for mykje betalt lisens. Saker av dette slaget ser ein frå tid til annan utan at forskrifter om fjernsynsmottakarar har endra seg. Og det er desse forskriftene lisensavdelinga brukar når dei avslår kravet, i dette høvet frå pårørande til eit dødsbu. Når det gjeld andre instansar slik som forsikring og aviser får ein refundert for den tida ein har betalt.

Hadia Tajik: Det er Kulturdepartementet som i medhald av § 8-3 i kringkastingslova fastset reglar for innkrevjing av kringkastingsavgift. Dei noverande reglane for innkrevjing av kringkastingsavgift heimlar ikkje refusjon av innbetalt kringkastingsavgift, uansett årsak.
Eg tek sikte på å leggje fram eit forslag om endring av forskriftene som regulerer innkrevjing av kringkastingsavgifta ut på alminneleg høyring. Eg kan ikkje gå inn på kva endringar høyringsutkastet vil omfatte no. Interesserte parter vil som vanleg kunne uttale seg som ledd i høyringa.