Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:215 (2013-2014)

Innlevert: 17.12.2013
Sendt: 17.12.2013
Besvart: 19.12.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til EU-kommisjonen sitt framlegg om å styrkje handhevinga av utsendingsdirektivet.
Kva vil regjeringa gjere for å vidareføre den raud-grøne regjeringa sitt arbeid overfor EU slik at det framleis vil vere nasjonalt handlingsrom for tiltak og verkemiddel mot sosial dumping i Noreg?

Begrunnelse

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Regjeringa vil arbeide mot sosial dumping og for eit meir seriøst arbeidsliv. Det skal vi gjere gjennom målretta tiltak som gjer det mogeleg å luke ut dei useriøse aktørane og leggje til rette for rettferdig konkurranse. Difor støttar Regjeringa EU-kommisjonen sin intensjon om å styrkje handhevinga av utsendingsdirektivet gjennom eit eige handhevingsdirektiv. Det er viktig at handhevingsdirektivet opnar for nasjonale ordningar for tilsyn og kontroll, slik at vi kan tilpasse tiltaka mot sosial dumping i høve til både utfordringar og målsetjingar i norsk arbeidsliv.
Regjeringa fører ein aktiv politikk for å ta vare på norske interesser overfor EU ved å medverke tidleg i politikkutforminga. Framlegget til handhevingsdirektiv er no gjenstand for forhandlingar mellom Rådet og Parlamentet, og vi følgjer saka tett, både i Brussel og gjennom kontakt med andre land som deler våre interesser.