Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU

Dokument nr. 15:1258 (2014-2015)

Innlevert: 03.08.2015
Sendt: 03.08.2015
Besvart: 07.08.2015 av ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU Vidar Helgesen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa jobbe for at nordmenn får rett til å delta ved lokalval i andre EØS-land?

Begrunnelse

Artikkel 22 i Maastricht-traktaten gav alle EU-borgarar rett til å delta i lokaldemokratiet uavhengig av kva medlemsstat dei oppheld seg i. Dette gjeld både retten til å stemme og retten til å stille til val.
Denne retten gjeld likevel ikkje for nordmenn, trass i at EØS-avtalen er basert på eit likebehandlingsprinsipp og Noreg sjølv fører ein liberal praksis når det gjeld stemmerett for utlendingar.
At utlendingar engasjerer seg i lokalpolitikken er noko vi opplever som ein stor verdi i Noreg, og formodentleg også i andre land. Det er med på å styrke integreringa, og det bidreg til utveksling av kulturell og politisk erfaring.
For mange nordmenn som bur og jobbar i andre europeiske land vert dette opplevd som lite rettferdig. At Noreg fører ein svært streng praksis for doble statsborgerskap, gjer det ikkje enklare for norske statsborgarar å oppnå demokratiske rettar i landet ein oppheld seg.
Det ville vore svært positivt om regjeringa, både på bilateralt og multilateralt nivå, kunne jobbe for nordmenn sine demokratiske rettar i andre EØS-land.

Vidar Helgesen (H)

Svar

Vidar Helgesen: Eg vil takke representanten for eit interessant og aktuelt spørsmål like før valet til kommunestyre og fylkesting. Eg vil først få understreke at i den norske vallova har vi gjeve stemmerett og rett til å stille som representantar på lokalt og regionalt nivå til alle utanlandske innbyggjarar som oppfyller krava i lova, slik det står i lovas kapittel 2 § 2-2. Denne retten gjeld altså for både europearar og folk frå andre delar av verda.
Representanten peikar på at innbyggjarar i EU som flyttar til eit anna EU-land får stemmerett ved lokalval og ved val til Europaparlamentet også i dei EU-landa som dei flyttar til. Denne retten vart skriven inn i Maastricht-traktaten i 1992, og seinare vart den teken inn i Traktaten om den europeiske unionen sitt verkeområde, i traktaten sin del 2, om like vilkår og unionsborgarskap (artikkel 20, 2. ledd). Desse rettane er ein del av dei politiske rettane til dei som er medlemmar i EU. I EØS-avtalen er ikkje desse politiske rettane med. Difor er heller ikkje retten til å stemme i lokalval for norske statsborgarar som bur i eit anna EU-land ein del av EØS-avtalen.
Eg tolkar spørsmålet frå representanten, om regjeringa vil ta opp med dei andre EØS-landa ynskjet om å få stemmerett for nordmenn som bur i desse landa, at vi burde arbeide for å få ein slik rett inn EØS-avtalen, sidan EU-statsborgarar har denne retten frå Maastricht-traktaten. Til det vil eg svare at regjeringa ikkje har planar om å ta initiativ til endringar i EØS-avtalen for å utvide den til òg å innehalde dei politiske rettane som i dag ikkje er ein del av avtalen.