Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren
Dokument nr. 15:70 (2015-2016)
Innlevert: 15.10.2015
Sendt: 15.10.2015
Besvart: 22.10.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Spørsmål
Hadia Tajik (A): Kva er dei nye rutinane for samarbeidet mellom PST og POD om handsaming av trusselvurderinger?
Begrunnelse
Viser til Steffen Ousdal, frå beredskapsseksjonen i POD, sitt foredrag på Sårbarhetskonferansen 14.10.15 der det vart nemnd at det no vert arbeida med dette.

Svar
Anders Anundsen: Dei nasjonale trusselvurderingane vert utarbeidd av Politiets sikkerhetstjeneste, og det er ikkje laga nye rutinar for korleis desse skal handsamast.
I samband med Politidirektoratet sin etablering av Politiets situasjonssenter vert det arbeidd med å fastsette nye rutinar for handtering av trusselvurderingar i den nye organisasjonen. Dette skal tryggje at desse trusselvurderingane fortsatt vert handtert på ein god måte etter at Politiets situasjonssenter opnar den 1.1.2016.