Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:688 (2016-2017)

Innlevert: 16.02.2017
Sendt: 16.02.2017
Besvart: 23.02.2017 av næringsminister Monica Mæland

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva fleirtalsframlegg frå fartsområdeutvalet er det regjeringa ikkje har fulgt opp så langt og er det i så fall planar om å fylgja dei opp?

Begrunnelse

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Eg legg til grunn at spørsmålet frå stortingsrepresentant Pollestad gjeld innstillinga frå fartsområdeutvalet av 1. september 2014.
I lov og forskriftsendringar har regjeringa følgd opp fleirtalsframlegg frå fartsområdeutvalet om å gi NIS-registrerte skip tilgang til norsk fraktefart på kysten, norsk kontinentalsokkel for konstruksjonsskip og for utanriksfart med passasjerskip i rute mellom Noreg og utlandet og i Norden.
Regjeringa har også i budsjettframlegg til Stortinget følgd opp fleirtalsframlegg frå fartsområdeutvalet om forbetringar i tilskottsordninga for sjøfolk på NOR- og NIS-skip.
Dette er dei vesentlege delane av framlegga frå fartsområdeutvalet slik desse er rekna opp i rapporten frå utvalet i kapitel 11 "Oppsummering av utvalgets tilrådning".
Framlegg frå fartsområdeutvalet om kontroll med gjeldande krav om løns- og arbeidsvilkår vert følgde opp av dei ulike styresmaktene på sine område. Dette gjeld opphaldsløyve for utanlandske sjøfolk på utanlandske skip, skip registrerte i NIS som fører last mellom norske hamner og offentlege kjøp av transporttenester langs kysten.
I samband med gjennomføringa av havstrategien som regjeringa la fram 21. februar 2017 vil Nærings- og fiskeridepartementet vurdere fleirtalsframlegget om krav til norske løns- og arbeidsvilkår for transport knytt til arbeid innan akvakultur. Det aktuelle tiltakspunktet er "gjennomføre en komparativ analyse av de juridiske rammebetingelsene for havnæringene i Norge".
Vidare har regjeringa gjennomført ulike tiltak for å føre over godstransport frå veg til sjø slik utvalet gjorde framlegg om.