Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Janne Sjelmo Nordås (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:842 (2016-2017)

Innlevert: 15.03.2017
Sendt: 16.03.2017
Besvart: 27.03.2017 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Janne Sjelmo Nordås (Sp)

Spørsmål

Janne Sjelmo Nordås (Sp): Kva er status for KS1 rapporten som vart bestilt av samferdselsdepartementet i 2014 for Rv15 Strynefjellet?

Begrunnelse

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Statens vegvesen har på oppdrag frå Samferdselsdepartementet utarbeidd konseptvalutgreiing (KVU) for rv 15 Strynefjellet. KVUen er datert 22. mars 2012. Konsulentgrupperinga Metier/Møreforsking har gjennomført KS1 av KVUen. KS1-rapporten er datert 9. januar 2013.
Samferdselsdepartementet bad ved brev til Vegdirektoratet av 20. februar 2014 Statens vegvesen om å utarbeide ei tilleggsutgreiing til KVUen. Statens vegvesen si tilleggsutgreiing er datert 2. april 2014.
Samferdselsdepartementet bad ved brev til Vegdirektoratet av 14. juli 2015 Statens vegvesen om å revidere tilleggsutgreiinga. Statens vegvesen har svara på oppdraget gjennom
-KVU rv 15 Strynefjellet - Revidert tilleggsutgreiing inkl. fv 63 heilårsveg til Geiranger. Rapporten er datert juni 2016.
-Notat frå Statens vegvesen Region vest til Vegdirektoratet med supplerande vurderingar om forkasta løysingar i etaten si reviderte tilleggsutgreiing. Notatet er datert 29. september 2016.
Dette skal underleggjast KS1. Kvalitetssikringa er komen godt i gong, men tidspunkt for når kvalitetssikringa kan stå ferdig, er ikkje endeleg fastlagt.