Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1992 (2017-2018)
Innlevert: 02.08.2018
Sendt: 02.08.2018
Besvart: 09.08.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Tore Storehaug (KrF): Kan statsråden gjere greie for resultatet av områdegjennomgangen av Statens vegvesen og kva følgjer den vil få for tenestestruktur og -tilbod?
Gjerne sett saman med Regjeringa sitt arbeid om å prioritere etablering av statlege arbeidsplassar/kompetansemiljø utanfor dei største byane.
I statsbudsjettet for 2018 blir "Program for effektivisering av Statens vegvesen" omtala. Der kjem det fram at ein har starta eit prosjekt som skal sjå på tenestetrukturen og -tilbodet på trafikant og køyretøyområdet, samt støttefunksjonar gjennom etatsfelles løysingar. Prosjektet skal vere gjennomført i første halvdel av 2018. Statens vegvesen sin desentrale struktur i dag sikrar at kompetansen er til stades langs heile det norske vegnettet og er viktig både for næringsliv og private brukarar av SVV sine tenester.

Ketil Solvik-Olsen: Finansdepartementet og Samferdselsdepartementet gjennomfører no ei områdegjennomgang som skal vurdere tiltak for å gjere Statens vegvesen meir effektiv. Områdegjennomgangen vurderer særskilt potensialet for å effektivisere innafor desse områda:
•Tenestestrukturen/tenestetilbodet på trafikant- og køyretøyområdet
•Støttefunksjonar gjennom etatsfelles løysningar
I oppfølginga av gjennomgangen vil regjeringa ta omsyn til lokaliseringspolitikken for statlege arbeidsplassar. Den statlege lokaliseringspolitikken skal bidra til robuste arbeidsmarknadar i alle delar av landet, god kvalitet i dei statlege tenestene og effektiv bruk av fellesskapens ressursar.
Regjeringa legg opp til å gjere greie for resultata av områdegjennomgangen i framlegg om statsbudsjettet for 2019.