Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1111 (2018-2019)
Innlevert: 01.03.2019
Sendt: 01.03.2019
Rette vedkommende: Kommunal- og moderniseringsministeren
Besvart: 08.03.2019 av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Arbeidet med samanslåing av fylker er i gong. Det viser seg at samkøyring av administrasjonar og tenestar gir store kostnadar. Nytt fylkeshus på Hamar for Innlandet fylkeskommune kan koste ein halv milliard kronar.
Korleis ynskjer statsråden at omorganisering, flytting og eventuelle nye bygg skal bli finansiert, kva skal prioriterast ned, og korleis har regjeringa tenkt til å bidra?

Monica Mæland: Alle fylkeskommunane som blir slått saman, har fått utbetalt eit tilskot som skal dekke eingongskostnader ved etablering av den nye fylkeskommunen. Oppland og Hedmark fylkeskommunar har saman fått utbetalt 30 mill. kroner. Det er ikkje knytt vilkår til bruken av midlane.
Kva investeringar fylkeskommunane meiner er naudsynte, er det opp til fylkeskommunane sjølve å bestemme. Det er fylkeskommunane sitt ansvar å vurdere både kostnader og gevinstar ved dei vala dei tar, og at dei sikrar gjennomføring innanfor forsvarlege rammer.