Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1277 (2018-2019) Innlevert: 20.03.2019 Sendt: 21.03.2019 Besvart: 29.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Siv Mossleth (Sp): Statlige fiskerihavner overføres til fylkene fra 2020, ifølge to vedtak i stortinget, og fiskerihavnene skal ut av NTP fra 2020. Selvsagt må fylkene gjøre det beste ut av denne situasjonen. Men i Fiskeribladet 10.3.19 står det at ordningen er frivillig.Er det slik at det er frivillig å følge vedtak fattet av regjeringspartiene og støtteparti i stortinget, og hva skjer med eventuelle havner som ikke blir overtatt, er det da slik at eksempelvis Andenes havn forblir som statlig havn i NTP om fylket ikke overtar den?
Jon Georg Dale: Som stortingsrepresentant Mossleth viser til skal dei nye fylkesregionane overta forvaltingsansvaret for fiskerihamnene i 2020. Overtakelsen følgjer av Stortinget si behandling av Prop. 84 S (2016-2017) Ny inndeling av folkevalt regionalt nivå. I behandlinga av proposisjonen skriv kommunal- og forvaltningskomiteen sitt fleirtal, medlemmane frå Høgre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre at dei er einige i Samferdselsdepartementet si vurdering om at utvikling av fiskerihamner ligg naturleg som ei oppgåve og eit ansvar under dei nye fylkeskommunane, jf. Innst. 385 S (2016-2017). I tråd med Prop. 84 S (2016-2017) og Stortinget si handsaming er det vidare lagt til grunn at budsjettmidla til statlege fiskerihamnetiltak over Kap. 1360 Post 30 og statlege tilskot til kommunale fiskerihamnetiltak over Kap. 1360 Post 60 skal overførast til rammetilskotet til fylkeskommunane, samstundes med at dei nye fylkesregionane tek over fiskerihamne-forvaltninga frå staten. Alle statlege fiskerihamnetiltak som vert sett i gong før overføringa i 2020 vil bli fullført i regi av Kystverket. Det følgjer av regionreforma og overføringa av dei statlege fiskerihamnemidlane til fylkeskommunane sitt rammetilskot at det frå og med 2020 vil vere opp til fylkeskommunane å prioritere fiskerihamnetiltak. For å sikre kontinuitet i fiskerihamneutbygginga i ein overgangsfase er det etablert fleire overgangsordningar, som gir moglegheit for tidlegare realisering av ei rekke prosjekt. Kystverket har fått i oppgåve å gjennomføre prosessen opp mot fylkeskommunane, med sikte på inngåing av avtaler om overføring av det statlege eigarskapet og ansvaret for fiskerihamnene til fylkeskommunane. Så langt er tilbakemeldingane at det er ein god prosess mellom Kystverket og fylkeskommunane. Dersom det er fiskerihamner som fylkeskommunane eventuelt ikkje vil overta, må vi sjå på den vidare handteringa i lys av kva slags fiskerihamner det er snakk om. For eventuelle ikkje-næringsaktive fiskerihamner som fylkeskommunane ikkje vil overta kan Kystverket vidareføre den avhendingspraksis som allereie er etablert. For eventuelle næringsaktive fiskerihamner som fylkeskommunane ikkje vil overta er det pr. i dag ikkje etablert nokon praksis for korleis dette skal handterast. Regionreforma legg til grunn at statlege midlar til fiskerihamnetiltak vil bli overført til fylkeskommunane sitt rammetilskot, og fiskerihamnene vil dermed ikkje inngå i dei statlege prosjekta i Nasjonal transportplan. Avhendingsinstruksen og budsjettfullmaktene til Samferdselsdepartementet opnar for at staten og kan avhende næringsaktive fiskerihamner. Spørsmålet om avhending av slike hamner er likevel ikkje gitt ei meir prinsipiell avklaring gjennom Stortinget si handsaming av regionreforma. Eg vil difor kome tilbake til Stortinget på egna måte med ei nærmare vurdering av avhendingsspørsmålet og eventuelle andre tiltak knytt til eventuelle næringsaktive fiskerihamner som fylkeskommunane ikkje vil overta. Eg har tillit til at fylkespolitikarane som innehar detaljert kunnskap om lokale og regionale utfordringar vil gjere dei rette prioriteringane kva gjeld framtidige fiskerihamneinvesteringar, i tråd med intensjonen i regionreforma, der vi nå følgjer opp Stortinget sitt vedtak og merknaden frå Senterpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre.