Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:239 (2019-2020)
Innlevert: 07.11.2019
Sendt: 07.11.2019
Rette vedkommende: Forsvarsministeren
Besvart: 13.11.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan regjeringa stadfeste at dei verna Ramsar-områda ved Harstad/Narvik lufthavn Evenes ikkje blir berørt av hangarplassering til dei maritime patruljeflyene?
Problemstillinga angåande turbulens grunna Forsvarets hangarbygg for maritime patruljefly ved Harstad/Narvik lufthavn Evenes medfører at Forsvarsbygg ser på alternative løysningar til plassering. Alternativa medfører at infrastruktur for dei maritime patruljeflya blir trekt nærare Ramsarområdet.
Ifølgje miljødirektoratet (Link) er Noreg eitt av 170 land som har inngått ei forplikting gjennom Ramsarkonvensjonen. Konvensjonen medfører at Noreg er forplikta til spesielt å ta vare på såkalla Ramsarområde. Norske Ramsarområde er alle verna og Noreg har gjennom konvensjonen forplikta seg til å bevare den økologiske funksjonen i områda. Miljødirektoratet er forvaltingsstyresmakt for konvensjonen.

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 7. november 2019 med spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om regjeringa kan stadfeste at dei verna Ramsarområda ved Harstad/Narvik lufthavn Evenes ikkje blir berørt av hangarplassering til dei maritime patruljeflyene. Spørsmålet er stila til klima- og miljøvernministeren, men er sendt til meg som rette fagstatsråd for å svare.
Det går føre seg eit arbeid med å finne ei løysing på lokalisering av hangaren til dei maritime patruljeflya ved Evenes lufthavn. Lokaliseringa av hangaren på Evenes flystasjon vil komme på Forsvaret sin eigedom og ikkje røre ved dei verna Ramsarområda direkte. Eg vil syne til det pågåande arbeidet med ny reguleringsplan for Evenes flystasjon og Harstad/Narvik lufthavn som har vore på offentleg høyring. I tråd med reguleringsplanen sin plan for miljøoppfølging for ytre miljø er det eit mål å førebygge skadar på dei verna Ramsarområda.