Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1086 (2019-2020)

Innlevert: 27.02.2020
Sendt: 28.02.2020
Besvart: 06.03.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Har statsråden vurdert kostnaden og nytta ved å bruka den tidligare militærleiren Haslemoen dersom Hæren blir utvida?

Begrunnelse

8. oktober 2019 la Forsvarssjefen fram sitt militærfaglige råd (FMR) for Forsvarets neste langtidsplan. Forsvarssjefen påpekar i sitt råd at eigedom-, bygg- og anleggskapasitetar (EBA) vil vere ein av dei framtidige flaskehalsene ved eit styrka forsvar. I anbefalinga står det mellom anna at:

«Et større volum i styrkestrukturen vil kreve en økning i bygningsmassen innenfor en rekke områder: forlegning, forpleining, velferd, idrett, garasjering, operative flater og så videre.»

Haslemoen har i dag stor bygningsmasse og leiren har om lag 20 000 dekar øvingsområde og skytebanar. Å etablere tilsvarande nye kapasitetar vil innebere store investeringskostnadar for Forsvaret.
I høve den store NATO-øvinga Trident Juncture i 2018 blei Haslemoen leir igjen brukt av Forsvaret. På det meste var det då om lag 2200 soldatar som åt i mannskapsmessa, hadde undervisning og øvde i både indre og ytre leir. Soldatane var då forlagt i dei fire kasernane og i andre bygningar i leiren. Tilbakemeldingane frå styrkane og Trident Juncture 2018 var at Haslemoen er ein godt fungerande militærleir som er i god stand.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 28. februar 2020 med skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om vurdering av nytte/kostnad ved bruk av den tidlegare militærleiren på Haslemoen dersom Hæren blir utvida.
Regjeringa er nå i ferd med å ta fram ein ny langtidsplan for forsvarssektoren, og det er mange omsyn og samanhengar som vurderast som del av dette arbeidet. Som ledd i denne prosessen har regjeringa fått eit fagmilitært råd frå forsvarssjefen. I det fagmilitære rådet var det ikkje lagt til grunn større endringar i Forsvarets geografiske lokalisering, men det anbefalast at den vidare utviklinga og styrkinga av Forsvaret tar utgangspunkt i dagens basestruktur. Regjeringa vil fremme sine anbefalingar om den vidare utviklinga av forsvarssektoren for Stortinget i ein egen proposisjon våren 2020.