Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2334 (2019-2020)

Innlevert: 19.08.2020
Sendt: 19.08.2020
Besvart: 25.08.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Eg viser til mitt førre spørsmål til statsråden om temaet, og spør på nytt:
I lys av nye rutekutt på strekninga Ørsta/Volda-Oslo, vil regjeringa no gjeninnføre statleg kjøp eller ta andre grep for å betre situasjonen, eller vil ein akseptere at rutetilbodet for privatpersonar og næringsliv i ein viktig region blir stadig dårlegare?

Begrunnelse

Eg viser til Dokument nr. 15:996 (2019-2020). Widerøe har varsla nye rutekutt i pressemelding 19.august, desse kutta skal gjelde frå 1.oktober.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Luftfarten er no inne i ei svært krevjande periode som følge av covid-19-situasjonen. Etterspørselen etter personreiser med fly har falle betydeleg, i tråd med blant anna helsefaglege råd om redusert reiseaktivitet. I denne perioden har regjeringa sørgt for å oppretthalde eit minstetilbod av flyruter, på strekningar kor det midlertidig ikkje har vore grunnlag for kommersiell drift. Flyruta Ørsta/Volda–Oslo har vore inkludert i det statleg støtta minstetilbodet.
Samferdselsdepartementet sine inneverande avtaler med flyselskapa endar 30. september. Samstundes ser vi ei usikker marknadssituasjon også i tida som kjem. Eg har registrert at Widerøe denne uka har varsla kutt i sitt tilbod frå 1.oktober. Tilbudet på kortbanenettet er svært viktig for folk i distriktane og er mange plasser som kollektivtilbod å rekne. Eit for dårleg tilbod på desse strekningane bekymrer meg. Regjeringa vurderer derfor fortløpande kva for tiltak og verkemiddel som er best eigna for å sikre eit godt regionalt og nasjonalt flytilbod, både i næraste framtid og på lengre sikt.