Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:651 (2020-2021)
Innlevert: 04.12.2020
Sendt: 04.12.2020
Besvart: 09.12.2020 av justis- og beredskapsminister Monica Mæland

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden hjelpa til å sikre at Stord lufthamn kan gjennomføre grensekontroll, og kva krav gjeld i dag for at ei regional lufthamn skal få status som internasjonal toll-landingsplass?
Aker Solutions AS nyttar i dag charterfly for å få inn utanlandsk arbeidskraft til verftet sitt på Stord. Widerøe er flyoperatør og nyttar flytypen DASH 8/Q400 med 78 passasjerseter.
I starten vart samtlege ankomstar og avgangar med charterfly føreteke via Stord lufthamn.
Grunna strengare krav til dokumentasjon av Covid 19 testar, samt kummerlige fasiliteter på Stord lufthamn, ser Politiet det ikkje lenger løyseleg å gjennomføra utvida grensekontroll på Stord lufthamn.
Ankommande flygingar er difor omdirigerte til Haugesund lufthavn, Karmøy. Utgåande flygingar går fortsatt frå Stord lufthamn.
For å oppretthalda konkurranseevna til det lokale næringslivet i Sunnhordland med Aker Solutions i spissen ynskjer lufthamna i framtida å kunna ta imot ankommande luftfartøy frå utlandet.
For å få til dette må det lagast betre fasiliteter for grensekontrollen på Stord lufthamn.
På sikt ynskjer Stord lufthamn også å få godkjenning som internasjonal toll-landingsplass.

Monica Mæland: Spørsmålet gjeld både den grensekontrollen i samband med COVID-19 og dei generelle krava som gjeld for internasjonale toll-landingsplassar.
Det normalt ikkje grensekontroll på trafikk frå Schengen, og politiet er difor svært sjeldan til stades. Dette vart endra mellom anna på Stord lufthamn da mellombels grensekontroll på indre-Schengen grenser blei innført som en del av tiltaka mot COVID-19.
Stord lufthamn brukas til flygingar med polske gjestearbeidarar til Aker Solutions AS. I dag tar kontroll av kvar einskilte passasjer tid. Lufthamna er i liten grad lagt til rette for dette. Politiet tok dette opp med Aker Solutions AS, som i staden valte å bruke Haugesund lufthamn, Karmøy.
Luftfartslova gjer regler om at Samferdselsdepartementet kan gje forskrifter om kva landingsplassar som kan ta imot internasjonal trafikk. Slik forskrift er ikkje gitt, men det er etablert ei praksis for handsaming av slike søknader.
Utgangspunktet for vurderinga er om trafikken mellom utlandet og den aktuelle lufthamna er så stor at det er betre å etablere ein internasjonal landingsplass på staden enn å krevje at passasjerane må gå gjennom ei mellomlanding på ein annan av landets lufthamner med internasjonal status. Den aktuelle lufthamna kan mellom anna heller ikkje ligge for nært ei anna internasjonal lufthamn.
Søknader om dette vert sende Luftfartstilsynet, som før avgjerda rådfører seg med Justis- og beredskapsdepartementet, Tolletaten og eventuelle andre myndigheter. Luftfartstilsynet sender si innstilling til Samferdselsdepartementet, som treffer avgjerda.
I arbeidet med innføringa av dei nye grensekontrollsystema for innreise (EES og ETIAS) har Politidirektoratet vurdert kva som må til for å bringe grenseovergangsstadene opp på et tilfredsstillande nivå når det gjeld mellom anna utstyr og bygningsmessige forhold. Dersom Stord lufthamn skal kunne ta i mot trafikk utanfrå Schengen, må det gjerast eit omfattande ombyggingsarbeid for å tilfredsstille krava til grensekontroll på Schengen yttergrense.