Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:762 (2020-2021)
Innlevert: 14.12.2020
Sendt: 15.12.2020
Rette vedkommende: Kommunal- og moderniseringsministeren
Besvart: 21.12.2020 av kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup

Fredric Holen Bjørdal (A): Meiner finansministeren at å dekke opp for dei økonomiske konsekvensane av ein enkeltkommune sine eigne avgjerder, samtidig som ingen andre kommunar skal få den same behandlinga, er i tråd med god forvaltningsskikk?
Bø i Vesterålen har redusert den kommunale satsen i formuesskatten, og regjeringa har varsla at staten skal dekke dei tapte inntektene for kommunen.

Nikolai Astrup: Eg meiner det er god forvaltningsskikk å behandle like saker likt når sakene blir behandla på same tidspunkt.
Prinsippet om å behandle like tilfelle likt, er ikkje i vegen for på eit tidspunkt å gjere endringar i reglar, retningsliner eller praksis. Slike endringar blir gjort på alle område. Det er likevel viktig at praksis er føreseieleg. Det er årsaka til at vi har gjort det tydeleg at vurderinga om kompensasjon berre vil gjelde for Bø kommune, og ikkje andre kommunar som vurderer å endre satsen på formuesskatt.