Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:639 (2021-2022)

Innlevert: 10.12.2021
Sendt: 10.12.2021
Besvart: 17.12.2021 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Frå kva tidspunkt reknar statsråden med at lova om offentleggjering av berekraftsinformasjon i finanssektoren og eit rammeverk for berekraftige investeringar kan tre i kraft i Noreg?

Begrunnelse

Finanskomiteen har no innstilt på at Stortinget gir samtykke til innlemming av dei aktuelle forordningane og at lova vert vedtatt, i samsvar med Prop. 208 LS (2020-2021.
Dei som skal rapportere etter lova og forordningane er av naturlege årsaker opptatt av å få vite når lova vil tre i kraft, slik at dei blir omfatta av dei same ordningane som rapporteringspliktige i EU.
Etter det eg er kjend med, er dei nødvendige vedtaka i EØS-komiteen ikkje på plass enno. Eg reknar med at statsråden gjer det han kan for at det skjer snarast råd.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum: Den føreslegne lova som gjennomfører dei to forordningane, vil først kunne bli sett i kraft når Stortinget har vedteke ho, og dei to forordningane har blitt sett i kraft i EØS-avtalen. Eg ventar at forordningane kan bli innlemma og sett i kraft i EØS-avtalen i løpet av første halvår 2022.
Dei to forordningane innfører reglar på eit område som til no i hovudsak ikkje har vore regulert i Noreg. At den føreslegne lova ikkje vil bli sett i kraft frå årsskiftet, er difor ikkje i vegen for at norske aktørar som vil bli omfatta av ho, tilpassar seg dei nye opplysnings- og rapporteringspliktene på frivillig basis. Det er stor etterspurnad i marknaden etter informasjonen som aktørane skal offentleggjere, og eg forventar at mange føretak difor vil ynskje å følgje regelverket før lova blir sett i kraft i Noreg.
Offentleggjeringsforordninga tok til å gjelde i EU i mars 2021. Norske aktørar som tilbyr investeringsprodukt i den europeiske marknaden, har allereie byrja å tilpasse seg regelverket, sjølv om forordninga altså ikkje gjeld i Noreg enno.
Taksonomiforordninga blei sett i kraft i EU i juli 2020, men systemet blir først operativt frå 1. januar 2022. Etter lovforslaget som ligg i Stortinget, skal store noterte føretak, bankar og forsikringsføretak med over 500 tilsette inkludere informasjon i sine årsrapportar om i kva grad deira aktivitetar kan klassifiserast som berekraftige etter taksonomien. I årsrapportane for rekneskapsåret 2021 skal føretaka berre rapportere om i kva grad aktivitetane deira er dekt av taksonomiregelverket. Finansdepartementet har nyleg oppfordra norske føretak som vil bli omfatta av dei nye rapporteringspliktene, om å inkludere taksonomirelatert informasjon i sine årsrapportar for rekneskapsåret 2021 på lik linje med føretak i EU.